Norsk

  • Eit spørsmål om orv og miljø

    Written by

    , ,

    Eg hadde ein oppvekst som i stor grad var skjerma frå deltaking i gardslivet på Labakken. Verken mor Asgjerd eller far Rasmus la utilbørlege band på fritida mi; ved fylte tretten år måtte eg framleis ha både godt ljos og bruke alle åndsevner for å skilje mellom storfe og sau. Mitt møte med landbruket sine…

  • “Jernteppet”

    Written by

    ,

    Over: Biletet syner “Jernteppet” (skiltet og plastsløyfene på trea). Den kalde krigen gjekk ikkje så hardt inn på meg. Eg var meir oppteken av barne-TV og neste middagsmåltid. Det å unngå fiskekaker var for meg eitt viktigare mål enn å forstå kvifor Noreg engasjerte seg i noko eg ikkje visste heitte NATO eller kva var.…

  • Draumen om Bukta Trim & Sykkelklubb

    Written by

    ,

    Som “ung mann” på Kleiva var ikkje organisasjonslivet eit spesielt mangfaldig landskap å navigere i. Den fyrste sosiale rita ein kunne verte initiert i som ung i Mardal Krins på byrjinga av ‘80-talet var barneforeininga. Dette var eitt langtrakt intermezzo frå barneforeiningsbasar til barneforeiningsbasar der dei unge under tilsyn frå fromme samaritanar kunne malpraktisere disiplinar…

  • Dei Austerrikske Alpane (Austerrike) Juni 2009

    Written by

    ,

    Kven: Harald (Slettvoll), Øyvind (Heimset Larsen) og meg sjølv Kva: Bil- og fjelltur i Alpane Kvar: Munchen, Bad Reichenhall, Berchtesgaden, Gosau, Hallstattersee, Bischofshofen, Bad-Gastein, Heiligenblut, Grossglockner, Krimml, Zillertal, Neuschwanstein, Munchen Når: Juni 2009 Dagen starta uvanleg tidleg i baksetet på ei drosje i Abu Dhabi, den heldt fram med ei mellomlanding og ein kaffitår i…

  • Øyvind av Arabia (UAE) Mars 2009

    Written by

    ,

    Fare for kamel: Øyvind Larsen langs ein landeveg i utkanten av Rub Al Khali på grensa mellom dei Sameinte Arabiske Emirata og Sultanatet Oman. No er det ikkje det at Hyarar ikkje har vore ute og reist før. Både Kristoffer Bonde (betre kjent som Columbus), Brødrene Aa og Øyvind Larsen har på utmerkt vis gjeve…

  • Protected: Aktlaust dikt

    Written by

    , ,

    There is no excerpt because this is a protected post.