Eg er i ferd med å reise frå Trondheim til Dubai med KLM og har booka billett via Widerøe sine internettsider. Dei har skrive ut ein elektronisk billett til meg.
Då eg freista å sjekke inn på nettet fekk eg beskjed om at min billett – eller ein i reisefølgjet mitt – ikkje kunne sjekkast inn på nett og at eg skulle vente til eg kom på flyplassen. Dette medførte at eg ikkje fekk høve til å oppgradere til naudutgongssete – det er ikkje berre SAS som har klart å kome fram til at det går an å skvise nokre ekstra kroner utav tryggingsinstallasjonane sine, KLM er ikkje det spor betre.
Men det var ikkje det som var dagens hovudpoeng:
Eg skal attende til Noreg om ei lita veke. Eg hadde frå før av ein tur/retur billett som ville sikre meg retur til Brussel den 19. Desember – men eg trengde å få booka inn siste distansen heim til Oslo også. Eg gjekk difor inn på Brussel Airlines sine heimesider for å bestille ein billett.
Umiddelbart etter å ha fullført bookingløypa såg eg at eg ved eit misstak hadde kome i skade for å oppgje namnet mitt feil: “Ruanr” i staden for “Runar”. Eg tok umiddelbart kontakt med kundeservice hjå Brussel Airlines, ei avdeling eg på det sterkaste misstenkjer for å vere lokalisert ein ikkje så alt for sentral stad i India.
Etter å ha trykt 10-12 gonger på nummertastar med det føremål å filtre samtala mi fram til rett ekspeditør og fekk til slutt ei dame på tråden.
Ho kunne fortelje meg – tre gonger – at det ikkje var mogleg å endre namn på ein billett – av di KLM var medlem av IATA – og meldemmer av IATA byter ikkje namn på billettar. Det er i mot regelverket å byte namn på billettar. I alle fall for IATA medlemmer. Det er slik det er. Ikkje mogleg, sa dama.
Eg krangla ikkje. Kansllellerte billetten og bestillte ein ny. Men logikken i dette resonnementet kan umogleg vere god.
IATA virkar til å ha tungt for å akseptere at noko kan skifte namn på ein billett etter at den er kjøpt. Men IATA virkar ikkje til å ha noko problem i det heile med at folk, som har vore så syndige å klemme inn ein liten skrivefeil når dei oppgav namnet sitt på bookingsida på nettet, ikkje får lov til å gå ombord på flya.
Ei erfaring rikare – eller – ei erfaring til i alle fall!
Hermetisk cheeseburger frå tyske Trekking-Mahlzeiten: eit av dei mest uforståelege produkta som nokon sinne har blitt lansert på den opne marknaden. Eg mottok to eksemplar frå mine utmerkte kollegaer Per, Frode og Richard i går kveld!
Det er 11. desember og eg har jebussdag att…
Den 34 i rekkja. I følgje Statistisk Sentralbyrå sin tabell “Forventet gjennomsnittlig levealder, gitt at en viss alder er oppnådd” kan eg sjå fram til ytterlegare 42.9 år i landet – ettersom eg har skrapa meg forbi 30.
I Microsoft Project-terminologi skulle dette tilseie at eg er 45% og – at eg om eg held framdrifta – skal vere ferdig til deadline i oktober 2051.
Inne i Sogn har eg ein kollega som for nokre år sidan vart kalla inn til øving i Hans Majestet Kongens Heimevern. Han vart tildelt eit relativt lågt embete i ei gruppering som hadde til føremål å øve vern mot pansra køyrety – i Luster.
Tenk etter, kor mykje skal ikkje ha gått gale før det kjem pansra køyrety med negative grunnhaldningar og fiendtleg innstilling til Luster? Eller Gloppen for den slags skuld.
Eg seier ikkje at Heimevernet er utan funksjon. På mange måtar er det ein hendige ting å ha om ein må ut og leite etter villfarne bærplukkarar eller om det krevst folk til å lempe sandsekkar eller sløkkje skogbrann. Og om nokon treng ein lett motvilljug dugnadsgjeng til eit idrettsarrangement er Heimevernet staden å gå. Men då må ein også øve på dette.
Om sjølvaste fienden står i ferjekø på Lote ein dag – og den norske Hæren har kasta inn handduken – er det vel lita von om at Nordstrandske løytnantar eller andre bygdekrigarar vil ha nokon avgjerande innverknad på utfallet.
Skulle eg prøve å ta til motmæle ville eg i alle fall ikkje ty til våpen. Eg ville ha teke fram ein sjudukar, knappa den i hop og synt fienden korleis vi bur i Heimevernet. Så ville eg ha falle kontrollert til høgre og ropa “Hjelp jeg faller” på mitt beste riksmål – og håpt på medkjensle.
I mellomtida søv eg godt om natta i vissa om at ikkje så godt som ei panservogn vil kunne ta gjennom Hafslo utan å bli sprengd i lufta av ein elitestyrke beståande av mellom anna kollega Idar, som kvar haust ligg oppe i skogbrynet med skarp ammunisjon og øver på nett dette.
Ungkar i solnedgong: ung arbeidsinnvandrar tek seg heim frå arbeid ved soleglad nær Al Raha Gardens ein oktoberdag i 2008.
Det er ikkje lett å vere ungkar i dei Sameinte Arabiske Emirata. Ungkarar er noko skikkeleg svineri. Skal ein tru avisene, og det SKAL ein vel – i eitt land med aktiv pressesensur – er ungkarar skitne, illeluktande svinepelsar med tvilsamt oppsyn og ureine tankar. Mange av dei er jamvel Hinduistar som trur på gudar som ikkje er heimla i boka.
For å bøte på ungkarsplagene har myndigheitene gjort ei rekkje kløktige grep:
Offentlege strender er delte i to delar; ein for “ladies and families” og ei for “others”. Det siste tyder for alle praktiske føremål ungkarar.
Eit snedig stykke vitskapeleg arbeid har avslørt at inntektsnivå er proporsjonalt med moral hjå ungkarar. Såleis er det innført ei “badeavgift” på 10 dirham (15-20 norske kroner) for å sleppe inn på stranda. Dette virkar også til å ha løyst problemet med alle dei farga ungkarane utan å måtte setje opp eit “whites only” skilt – det ville nemleg lett ha blitt oppfatta som rasistisk.
Leilegheiter og villaer er berre for familiar. Ungkarar skal ikkje rote seg borti familiar – det er ikkje bra. Ungkarar skal ideelt sett bu i arbeidarleiarar i forstadane eller helst ute i ørkenen. Med unnatak av at det her er vatn i dusjen er det lite som skil desse frå konsentrasjonsleiarane som var så populære i Europa midt i det 20. århundret.
Restaurantar er delte inn i to soner. Ei for ungkarar og ei for familiar. Sistnemnde har betre stolar, klimaanlegg og service – og er som regel skjerma for innsyn frå – og ikkje minst utsyn til – ungkarane utanfor.
Mange hotell nektar å ta imot bookingar frå ungkarar i helgane. Helgane er reserverte for familiar. Dette er også ein fiffig måte å totalforby ungkarar på – ettersom ungkarane berre har fri i helgane – i veka arbeider dei.
Men rett skal vere rett: om ei kvinne i vannvare skulle forville seg inn på ei offentleg strand i Abu Dhabi vil ho umiddelbart bli gjenstand for meir merksemd enn ho nokonsinne kunne ha ynskt seg. Store mengder med ungkarar vil flokke seg kring ho på det dei sjølve opplever som ein diskret måte, det vil seie; akkurat så langt frå at dei ikkje kastar skugge på henne.
Såleis kan det vel vere grunnlag for å seie at dette med dei ureine tankane til ungkarane kanskje er rett. Det er no det heime – så kvifor ikkje her…
Ein liten amerikanar, ein stor nordmann og ein liten ukrainar… Eit lite stykke Norplan!
Det har snart gått eitt år sidan eg la ut frå Sogndal for ein to-vekers tur til Abu Dhabi for å sjå om eg kunne bidra med noko på grunnkartleggingsprosjektet som Norplan arbeidde med der for Abu Dhabi Kommune. Eg har ikkje vore åleine dette året men har vore omgjeven av ei rekkje utmerkte kollegaer som i kortare eller lengre periodar har vore innom:
(lista opp i den rekkefølgja eg har truffe dei her nede)
Oskar Henriksen
…gjorde sin entre i Abu Dhabi i 1982 og har følgt heile utviklinga til Abu Dhabi frå å vere ei meir eller mindre ubetydeleg husgruppe i sanden til å verte ein by med eit namn som får folk til å nikke gjenkjennande over store delar av verda. Oskar er også ein mann som får folk til å nikke gjenkjennande over store delar av verda. Det finst ikkje det u-land der han ikkje har hatt eitt lengre arbeidsopphald og mannen er ein av dei fremste ekspertane på livsnyting som nokonsinne har kome ut av kongeriket Noreg. Oskar pådreg seg vener overalt der han går og gjer naturleg krav på ein stor del av merksemda i eitt kvart rom der han gjer sin entre. Oskar har truga med å pensjonere seg i november 2008 men er venta attende til Abu Dhabi etter eit mindre deleskift i eitt kne som har gjeve etter for konsekvensane av den før nemnde livsnytinga.
Tor Gunnar Øverli
…kom til Abu Dhabi for seks år sidan for å delta i eit prosjekt som skulle etablere ein integrert GIS-database for heile den offentlege sektoren i Abu Dhabi. Sidan den gong har han starta kvar dag med å seie høgt til seg sjølv tre gonger: “Jeg tror Norplan bør trekke seg ut fra Abu Dhabi”. Trass eitt tynnsmurd lag av svartsyn er Tor Gunnar hovudmotivatoren og sjefen for Norplan si verksemd i UAE. Tor Gunnar er til vanleg busett i bibelbeltet på Sørlandet – i Arendal – og er ikkje heilt upåvirka av dette. Han har eit større antal ungar med ei sjarmerande kone som med jamne mellomrom skiftar for- og etternamn.
Andavilli Venkata Seja Shankar
…tok til i Norplan medan verda enno var ung. Han var då det han sjølv karakteriserar som ein landsbygut – det vil seie at han vaks opp i ei “grend” med omlag 400 000 innbyggjarar i nærleiken av Hydrabad i det sentrale Sør-India. Shankar har vore med på alle dei ulike inkarnasjonane av prosjekt og organisasjonsformer som Norplan har drive med i UAE og er for tida busett i Muscat, Oman saman med kona Prabha og dottera Dolly. Shankar er “problem-solver” i gjengen og vert kalla inn kvar gong vi møter veggen. Kort tid etter dukkar Shankar opp – klar til å skjelle ut dei som må skjellast ut og klappe dei som må strykast med håra. Om metodeverket har noko litt “latinsk” over seg er utkomet nesten alltid suksess.
Mike Che / Mikhaelo Dimitrovitsj Cheremshynskyi
er frå Ukraina. Dette visste eg ikkje før eg møtte han. Eg hadde berre sett namnet “Mike Che” i e-postar og på papir og var såleis budd på å møte ein kortvaksen, brei og brillebekledd kinesar som hadde “vestlegifisert” namnet sitt som eit forsøk på marknadstilpassing. Etter tre månader med hard trening lukkast eg til sist med å lære å uttale etternamnet hans, Cheremshynskyi, (whisky-tre). Mike brukte å vere noko slikt som sjef for det Ukrainske Kartverket med omlag 3500. Mike har freista å selje raud kommunisme til svarte brør i Vest-Afrika; Mike lærte seg spansk ved å pugge talane til Fidel Castro; Mike snakkar flytande gateportugisisk med angolsk aksent og er ein utmerkt reisekamerat under helgeutfluktar kringom i emirata. Dottera til Mike er talkshow-vert i Ukraina.
Khalil Nijeem
er ein Palestinar som er fødd i Jerusalem og busett i Ramalla. Før han tok til som konsulent arbeidde han som kontorsjef høgt oppe i det palestinske departementsbyråkratiet. Khalil budde i same hus som den nyleg Palestinske diktaren Mahmoud Darwish. Khalil er ein stor tilhengjar av øl, peanøtter, sheesha og libanesisk mat og såleis ikkje berre ein utmerkt kollega på dagtid men også utsøkt selskap etter fritida sitt frambrot. Khalil lærte meg svært mykje om Palestina-konflikten som eg fram til då kunn hadde eit forhold til i form av dagsrevy-reportasjar med ungar som kasta stein på kamphelikopter som skaut rakettar attende.
Chad Jerry Henrix
…er ein amerikanar frå Tennessee som melde sin ankomst i Abu Dhabi utpå sommaren etter å ha blitt anbefalt av Ola Nordbeck. Chad Jerry likar ikkje å bli kalla Chad Jerry og har difor lagt til seg kort-nemninga CJ.
Trass nasjonalitet og herkomst er Chad Jerry eitt reflektert og intelligent menneske som opprettheld livsfunksjonane gjennom ein diett beståande meir eller mindre eksklusivt av peanøttsmør og bringebærsylte: “peanut butter and jam”.
CJ har kjærleikspendlar jorda over for å vere hjå si kjære Ann, som fram til nyleg budde i Roma men som no flyttar til Haiti for å drive bistandsarbeid. Amerikanaren søv nokre få timar kvar natt og er gjerne oppe og spring lenge før eg har letta hovudet frå puta.
Frank Haugan
er trønder, seglbåteigar og innehavar av ein tiltakande skjeggstubb som truleg gjev han eitt distingvert preg. Frank går i skreddarsydde klede og reiser ingen stad utan dei svindyre dartpilene sine. Frank arbeidde også på det tidlegare integrasjonsprosjektet i Abu Dhabi og på eitt større prosjekt i Muscat i Oman.
Yngve (Karl) Frøyen
er ein Sunnfjording frå Svelgen som har utvandra til Trondheim der han ikkje får tilstrekkeleg høve til å praktisere dialekten sin. Når han kjem på vitjing snakkar vi nynorsk og gler oss over alle dei orda hine ikkje forstår. Dei er mange. Yngve og eg har ved fleire høve kryssa klinger innan lett-litterære verk og vi vert jamleg nytta til festunderhaldning og talar i Asplan Viak regi. Såleis brukar vi høvesvis mykje tid på å klekke ut diverse gangbare og ikkje-gangbare idear når vi residerar på same stad. Yngve har eit urimeleg nært forhold til tubaen sin som han saknar sårt når han er i eksil. Yngve, til liks med Oskar og Per er ein utmerkt kokk.
Per (Roald) Andersen
er ein kjernekar som eg og Tor Gunnar hadde gleda av å intervjue og tilsetje i Asplan Viak for nokre år sidan. Han har nyleg teke over stafettpinnen etter meg som leiar i Asplan Viak Internett og er ein karakter som gjer nesten ei kvar forsamling muntrare og meir godlynnt enn den elles hadde vore. Per er frå Lofoten og ber sterkt preg av dette.
Olav Hauge
er eit einsleg oksygen-atom i Asplan Viak systemet som hostar opp prosjekt i dei mest fjerntliggjande hjørne av kloden med jamne mellomrom. Når vi ser vepna konfliktar som eskalerer på dagsrevyen er Olav Hauge nesten alltid å sjå i bakgrunnen, snakkande på mobiltelefon til Noreg om eitt eller anna viktig bistands- eller planleggings prosjekt. Olav var internasjonal direktør i Asplan Viak under Garnåsjordet-administrasjonen men treng langt frå nokon tittel for å hevde sin posisjon i selskapet.
Shimnas Pulakuttumkal Suleiman
er kaffi og kontorgut på kommunehuset og er ansvarleg for den avdelinga vi arbeider for, Spatial Data Directorate. Shimnas kjem uoppfordra med te til oss og ser også til at det er reint både i leilegheita til Oskar oppe på øya og i Villa Norplan nede i “The Empty Corner”, som Mike kallar det. Det er vanskeleg å mislike Shimnas og mannen har eit eige talent for entreprenørskap som truleg vil bringe han lengre enn dei fleste med same startstrek. Shimnas har som langtidsmålsetjing å flytte attende til India og slå eg nede med kone og eitt ukjent antal ungar i landsbyen Pulakuttumkal nær Trivandrum i det sørlege India.
Tone Bjørnhaug
vart eg kjend med under Asplan Viak sin studietur til Torino i 2006 då vi hadde gleda av å dele alle drammane til ein fråhaldsmann vi hadde ved sidan av oss under festmiddagen. Tone er arkitekt og kjempa ein tapper kamp for å klekke ut eit skiltkonsept for det nye adressesystemet i Abu Dhabi.
Thea Kvamme Hartmann
tilhøyrer ei gruppe menneske som eg har botnlaus respekt for og ofte kjenner meg svært underlegen i selskap med: nemleg kortvaksne bestemte damer med kunstnarlege anlegg og briller. No brukar ikkje Thea briller heile tida – til gjengjeld skriv ho dikt på serviettar.
Kyrre Westengen
er ein roleg og avbalansert Oslobu frå Porsgrunn. Kyrre si sinnsro er både tiltalande og svæt smittsam men Tone virka til å vere resistent – spesielt når Kyrre tek seg tid til både sightseeing og ei ekstrarunde innom bensinstasjonen når dei skal nå flyet.
Jonas Ravlo Stokke
er industridesigner med trang dress, kreative tankar og eit godt handlag med digitale design og konstruksjonsverkty. Jonas tek lett leiing og får andre med seg i å tenkje “utanfor boksen” – eller i det minste “på boksen”.
Tor Bernhardsen
“grand old man” innan den norske GIS-verda med bokklassikaren “Geografiske Informasjonssystem” på samvitet. Tor – eller i alle fall skrifta hans – er oversett til eitt utal språk og har mellom anna vorte nytta under mitt eige GIS-kurs ved Høgskulen i Sogn og Fjordane frå 1999 – 2001. Tor er også ein av desse som driv og spring etter vegane og er etter det eg har høyrt ein entusiastisk rollerblade-brukar
Pål Føyn Jespersen
sjølvaste storesjefen innan samfunnsdivisjonen i Asplan Viak og mangeårig styreleiar i Asplan Viak Internet as, har ved fleire høve lagt vegen innom UAE hovudstaden for å låne tyngde til viktige møte og for å rette opp kursen når eit grunnstøt har vore nær føreståande. Forutan formelle roller er Pål også ein mann det fint går an å røykje ei vasspipe med ein mørk og varm Abu Dhabi-kveld. Pål synte seg å vere betre på slalom enn det eg sette pris på under vår vitjing i Ski Dubai – dette resulterte i at han måtte vente tre minutt på meg for kvar nedkøyring. Det er mykje på ei nedkøyring som i utgangspunktet tok med 3 minutt og 25 sekund. Pål har også ein urovekkjande kunnskap om musikk. Det er uvanleg å finne så mange positive sider i eitt menneske frå Blommenholm/Tønnsberg. Forklaringa er mangeårig influens frå kona Kristin som er vestlending og såleis har hatt ein positiv innverknad Pål.
Hanne Bertnes Nordli
kom til Abu Dhabi tyngd av sosialt ansvar og fyllt av fordomar om undertrykte, tildekte kvinner og kynisk utnytting av billeg arbeidskraft. Det synte seg imidlertid raskt at Hanne gjennom sin mangslungne geografiske bakgrunn sjølv hadde hatt fleire hushjelper enn ho hadde fingrar og gartnarar ho ikkje eingong kunne hugse namnet på.
Zul Jiwani
er ein Indisk/Tanzaniansk/Kanadiar som har slege seg opp som GIS-konsulent i Midt-Austen gjennom etableringa av det vel-renomerte men kanskje ikkje så alt for revolusjonerande GIS-senteret i Doha i Qatar. Zul er så sjølvsikker i sitt ord at han utan vesentlege vanskar kan selje sand til tyrste ørkenbeduinar og attpåtil ta seg klekkeleg betalt for det. Noko eg har ein sterk misstanke om at han i overført betydning også gjer.
Ola Nordbeck
slutta i Asplan Viak for umiddelbart etterpå å ta eitt trevekers oppdrag for Norplan i slutten av Mai/byrjinga av Juni. Ola fall umiddelbart på plass i teamet sjølv om verken Hanne eller Tor Gunnar skjøna eitt ord av kva han sa. Ola er frå Skåne. Ved si eiga avreise skaffa Ola tilveges CJ som skulle avløyse han. Det var ein kontraktsføresetnad at CJ måtte reie grunnen for at Ola skulle kome attende etter nokre månader. Ola hadde ein teori om at det no var kona hans sin tur å følgje etter han – ettersom han fram til då hadde følgt etter henne og til og med gått så langt som til å busetje seg i Oslo – noko med den tyngste flyttinga ein svensk statsborgar kan utsetjast for. Vi må tru at dette var ei høgst teoretisk rettigheit – vi har i alle fall ikkje høyrt noko meir frå Ola sidan.
Frode Wiseth Jørgensen
er ein gamal kollega frå Avinet som flytta til Trondheim for nokre år sidan. Mannen er i skrivande stund 33 år men har skifta eit vesentleg antal delar og er såleis biologisk ein langt yngre mann.
Då eg Onsdag morgon sjekka inn i Oslo freista eg å godsnakke med boardingstaben ved utgong 32 med det føremål å bli plassert i eit sete med toleleg beinplass. Dette er ein strategi som frå tid til tid virkar – men som er heilt avhengig av at den ein snakkar med forstår problemet. Forbausande ofte gjer dei ikkje det. (Om nokon som ikkje kjenner meg skulle lese dette så er problemet som følgjer: eg er 197 cm høg, er korresponderande breid og har lange bein.)
– “Beklager, du sitter for langt bak i flyet til at jeg kan gi deg nødutgang”, sa karen bak skranken.
– “Hæ…”, sa eg undrande – “koreleis då”?
– “Nødutgangen er i Economy Flex ser du, da måtte du ha kjøpt en bedre billett”, sa han med eit smil som han openbart hadde venta lenge på å få avlevere.
– “Det stod ikkje noko om at dette var ein spesielt dårleg billett då eg kjøpte den på nettet”, svara eg. “Det einaste som stod var at den ikkje var ombookbar”.
– “Beklager, men det hjelper ikke”, sa han på ein måte som gjorde det heilt klart at dette var noko i alle fall han ikkje tykte var beklageleg.
Harm som eg var tenkte eg å lese opp nokre IATA-reglar for han: “Du er klar over at flyet ikkje har lov til å ta av med mindre alle passasjerane er i stand til å sitje i krasjlandingsstilling?”, spurde eg sarkastisk.
– “Alle kan det ser du”, sa han og smilte.
Eg beit i meg resten av orda – dersom eg hadde gått vidare og prova poenget mitt hadde eg berre blitt sett att i Oslo. Sete ved nødutgangen hadde eg i alle fall ikkje fått.
Den interessante lærdomen frå denne morgontimen på Gardermoen var følgjande: nødutgangen er ikkje noko som er installert på flyet for å gjere passasjerar i stand til å ta seg ut av flyet på alternativ måte i tilfelle ei ulukke skulle inntreffe. Nødutgongen er noko som er installert for at passasjerar i Economy Plus skal kunne få strekkje på føtene sine.
…
Om eg hadde trykt meg ned i ein koffert og sjekka meg sjølv inn som bagasje ville eg ha fått den plassen eg trengde; når eg sjekkar inn som passasjer får eg eit sete som er laga for akkurat å kunne romme ein person av 175 cm lengde som veg 75 kg og følgjeleg kan sitje på tvers eller i Lotus-stilling om situasjonen skulle krevje dette.
Ja, ja… Ein ny dag i mi eiga vesle luftfartshistorie.
These gentlemen may look innocent enough but combined with sufficient amounts of Tsippouro they proved to be quite sufficient to kick-start our evening out.
Ski Dubai: meiningsløysa i innandørs skibakkar når ein vurderar dei oppimot miljøkostnadene er ikkje ubetydeleg. Det kostar å kjøle ned ein skibakke frå 40 varmegrader utandørs til -2 innandørs.
Likevel er vel kanskje ikkje konseptet så mykje meir meiningslaust enn norske badeland som til eksempel Tropicana på Gol. Folk har ein underleg trong til det dei ikkje naturleg har tilgong på.
💔🇾🇪 Today a war-torn country on the brink of collapse, Yemen was once marked on the maps as Arabia Felix; happy, fertile Arabia.
I had never been to Yemen, but I had taken a liking to the country from watching Yemen TV on Thursday nights in Abu Dhabi.
On that weeknight, then-president Ali Abdullah Saleh ad-libbed very long televised speeches. These were interspersed with film clips of impossibly green hillsides, hot air balloons soaring over mountain villages—and heavy artillery shelling—all set on the background of cheerful marching music.
Yemen was not considered a tourist destination. Still, it was affordable and achievable within a long weekend for someone living in Abu Dhabi.
The only apparent downside was the frequency with which short-term tourists ended up as long-term hostages.
Unpromisingly, the Yemeni tourist authority published a statistic called ‘the kidnapping rate’. At the time it stood at 0.2 per 100 000 citizens per annum. That is 58 kidnappings annually.
But, that, the tourist authority wrote, was a significant improvement over the preceding year. They further explained that kidnappings mostly were a means for villagers to bolster support for minor infrastructure investments. A tourist, used in the right way, could be exchanged for a new reservoir or a new roof for the village school.
Most victims, they assured, were released. Only unusually demanding tourists, such as who came to Yemen with unrealistic expectations, had had any complaints about their treatment.
In a way, being kidnapped should be seen as a sort of cultural experience—with the small but notable drawback of not being able to go home at one’s own choosing.
A friend and I sat down to discuss the advisability of our making a sojourn to Yemen. We rationalized like this:
The kidnappers of Yemen were diminutive of size but experienced in their trade. We, on the other hand, were both heavyset, large men. That, we figured, was in our favour. A seasoned kidnapper would choose his target wisely—someone smaller, more convenient to move around and cheaper to feed than either of us.
And thus it came to be that I found myself on a plane to Yemen the following weekend.