IMG_9275-1.JPG

Ungkar i solnedgong: ung arbeidsinnvandrar tek seg heim frå arbeid ved soleglad nær Al Raha Gardens ein oktoberdag i 2008.

Det er ikkje lett å vere ungkar i dei Sameinte Arabiske Emirata. Ungkarar er noko skikkeleg svineri. Skal ein tru avisene, og det SKAL ein vel – i eitt land med aktiv pressesensur – er ungkarar skitne, illeluktande svinepelsar med tvilsamt oppsyn og ureine tankar. Mange av dei er jamvel Hinduistar som trur på gudar som ikkje er heimla i boka.

For å bøte på ungkarsplagene har myndigheitene gjort ei rekkje kløktige grep:

  • Offentlege strender er delte i to delar; ein for “ladies and families” og ei for “others”. Det siste tyder for alle praktiske føremål ungkarar.
  • Eit snedig stykke vitskapeleg arbeid har avslørt at inntektsnivå er proporsjonalt med moral hjå ungkarar. Såleis er det innført ei “badeavgift” på 10 dirham (15-20 norske kroner) for å sleppe inn på stranda. Dette virkar også til å ha løyst problemet med alle dei farga ungkarane utan å måtte setje opp eit “whites only” skilt – det ville nemleg lett ha blitt oppfatta som rasistisk.
  • Leilegheiter og villaer er berre for familiar. Ungkarar skal ikkje rote seg borti familiar – det er ikkje bra. Ungkarar skal ideelt sett bu i arbeidarleiarar i forstadane eller helst ute i ørkenen. Med unnatak av at det her er vatn i dusjen er det lite som skil desse frå konsentrasjonsleiarane som var så populære i Europa midt i det 20. århundret.
  • Restaurantar er delte inn i to soner. Ei for ungkarar og ei for familiar. Sistnemnde har betre stolar, klimaanlegg og service – og er som regel skjerma for innsyn frå – og ikkje minst utsyn til – ungkarane utanfor.
  • Mange hotell nektar å ta imot bookingar frå ungkarar i helgane. Helgane er reserverte for familiar. Dette er også ein fiffig måte å totalforby ungkarar på – ettersom ungkarane berre har fri i helgane – i veka arbeider dei.

Men rett skal vere rett: om ei kvinne i vannvare skulle forville seg inn på ei offentleg strand i Abu Dhabi vil ho umiddelbart bli gjenstand for meir merksemd enn ho nokonsinne kunne ha ynskt seg. Store mengder med ungkarar vil flokke seg kring ho på det dei sjølve opplever som ein diskret måte, det vil seie; akkurat så langt frå at dei ikkje kastar skugge på henne.

Såleis kan det vel vere grunnlag for å seie at dette med dei ureine tankane til ungkarane kanskje er rett. Det er no det heime – så kvifor ikkje her…