Øyvind av Arabia (UAE) Mars 2009

IMG_1690

Fare for kamel: Øyvind Larsen langs ein landeveg i utkanten av Rub Al Khali på grensa mellom dei Sameinte Arabiske Emirata og Sultanatet Oman.

No er det ikkje det at Hyarar ikkje har vore ute og reist før. Både Kristoffer Bonde (betre kjent som Columbus), Brødrene Aa og Øyvind Larsen har på utmerkt vis gjeve dette folkeferdet eit andlete ute i verda.

På vårparten gjorde sistnemnde, Øyvind, sin debut i dei Sameinte Arabiske Emirata. Etter eitt-og-eitt-kvart år her nede i sanden var Øyvind den fyrste Glopparen som tok turen. Det var difor ekstra viktig å gje han ei innføring i korleis dette landet fungerte og kva som var å sjå her.

Det vi fekk tid til på den knappe veka inkluderte:

  • Tur til Al Ain med overnatting på Jebel Hafeet, med sine 1300 m o.h. einaste fjellet i Abu Dhabi
  • Ein svært lang ørkentur frå Al Ain (nesten) til Liwa (Sjå: “Not beautiful, hot! Hot!!!”)
  • Villmannskøyring i sanddynene med 4-hjulsdrivne motorsyklar
  • Bybesøk i Dubai
  • Nokre turar på stranda
  • Usedvanleg mykje god mat

Not beautiful, hot! Hot!!!

Sør i Emirata der landet grensar mot både Saudi og Oman møter ein Rub Al Khali, “the Empty Quarter”, eitt av dei mest ugjestmilde sandørknane i verda. Dynene her strekkjer seg oppimot 300 m o.h. og held fram ubrotne av menneskelege inngrep i hundrevis av kilometer sørover gjennom Saudi Arabia mot Jemen.

Det går ymse slag ruter gjennom denne ørkenen – ikkje vegar – men eitt slag spor. For å få ei skikkeleg kjensle med kva det ville seie å vere i ein karavane hadde eg fått det føre meg at det ville vere ein god idé å prøve å krysse 120 km gjennom Rub Al Khali og over til Liwaoasen i austregionen, Al Gharbia, i Abu Dhabi.

Øyvinden, som ikkje visste kva for ein toskute idé dette var, let seg ikkje be to gongar. Etter lun vårkveld med generøst inntak av vasspiperøyk og høgtsvevande (men ikkje så alt for detaljert) planlegging byrja vi turen.

Det var ikkje berre det at det var 120 km gjennom veglaus ørken og turr sand som skilde oss frå målet, Liwa. Det var også 360 km å køyre for å kome til staden der den ørkenkryssinga kunne byrje.

Vi køyrde svært lenge.

Så køyrde vi ein god del til.

Landskapet var prega av spreidde dyneformasjonar med voldsome saltsletter innimellom. Vegen gjekk parallellt med grensegjerdet til Oman som var bygd på bakgrunn av ordtaket om at gode gjerde gjer gode grannar – men som også ville vere i stand til å halde frå kvarandre dårlege grannar.

Så – etter omlag 360 km byrja vegen gradvis å bli dårlegare. Asfalten slutta, så slutta grusdekket, så var det berre eitt sandspor att. Slik heldt det fram i nokre kilometer, kanskje to mil, før vi kom frampå ein svært grøderik oase med daddelpalmar. Bakom oasen, på ein bakketopp låg det eitt fort.

På vegen parallellt med fortet stod det ein bom og stengde for vidare ferdsel. Ein kar som såg ut som alt anna enn ein turistguide gjekk kringom med eitt automatgevær og såg olm ut.

Eg retta ut labben, helsa pent og spurde høfleg om det var råd å få køyre vidare ettersom vi hadde tenkt oss til Liwa.

Engelsken til den olme var ikkje betre enn den trengde vere – men han formidla utan å bruke så mange ord at dette nok ikkje var aktuelt.

Dette kom litt brått på oss – og i staden for umiddelbart å snu bilen rundt vart vi ståande i ro for eitt lite rådslag.

Øyvind tok bilete. Den olme sette ikkje pris på dette og kom utatt av bua si – no med geværet retta mot oss. Han gjorde krav på passa våre og drog meg med til ein kommandant som låg og sov i ei brakke.

Den nyvakna var ikkje blid han heller – men han var betre i engelsk enn den olme.

– “Why you want go desert”, sa han

– “We are tourists, we would like to go to Liwa”, sa eg.

– “To Liwa? Through desert, why? There be road to Liwa!”, heldt han fram

– “But the desert is beautiful”, freista eg.

Dette vart for mykje for stakkaren som truleg ikkje tenestegjorde i denne utkanten etter eige ynskje og som openbart ikkje såg det minste vakkert i sandaudet.

– “Beautiful?”, sa han med forakt i røysta, “Not beautiful. Hot! Hot!!! – Back! You go back!!!”

Og slik enda draumen om å krysse “the Empty Quarter” i firehjulstrekkar: fullstendig nederlag og 390 km å køyre for å kome attende til Al Ain. Det er ikkje kvar dag ein har 780 km bomtur.

Men kva skal ein gjere? Når ein er i den uheldige enden av eitt maskingevær og han som er i den andre har passet ditt har du ikkje så mange forhandlingskort?

IMG_1705

Det var ikkje berre kamelane som vende nasen heimover att etter endt dag i ørkenen. Øyvinden og eg måtte også returnere…

Storbykriminalitet?

Hyarane har alltid sett på oss inne på Sandane som storbyfolk. Eg ville difor syne Øyvinden at eg var noko til kjentmann inne i “byn” også. Vi la difor vegen vidare til Dubai.

Dubai er ein stad som har vakse ut av ørkenen på rekordtid. Her har dei ikkje tid til detaljvurderingar så lenge ting vert høgst, lengst, breiast, vidast, djupast eller på anna vis eineståande i verdssamanheng.

Det einaste gjenverande elementet av autentisitet i Dubai er Dubai Creek der Dhowane frå Iran framleis legg til kai med varene sine som dei har gjort dei siste 70-80 åra. Det var her vi bestemte oss for å ta fyrste stopp.

Vi parkerte nær Dubai Museum og la ut på ein spasertur som etter omlag to timar tok oss attende til der bilen stod parkert.

Det var på dette tidspunktet at eg byrja å leite etter lyklane til bilen. Eg byrja systematisk å gå gjennom lommane mine ein etter ein. Etter å ha fullført ein sykel med leiting byrja eg omatt – denne gongen mindre systematisk og meir desperat.

Nett som eg var i ferd med å byrje tredje runde kremta det frå hyaren som stod framom bilen. Midt på panseret, i eitt av dei mest trafikkerte områda i Dubai, låg billyklane. Eg hadde lagt dei frå meg der medan eg tømde sandalane for sand før vi la ut på spaserturen vår – og der låg dei framleis.

Eg veit knapt om verken bil eller lyklar hadde vore der om dette var Sandane. I alle fall hadde den vore borte om det var i Oslo eller Bergen.

IMG_1770

Cityscape Dubai: Dei er gode på futuristiske bygningar i Dubai. Naturlandskap og mjuke traffikantar er ikkje fullt så velkjende fenomen.