Forteljingar & minne
Litt lengre forteljingar om ting eg sjølv har vore med på, har opplevd eller høyrt om – frå notid og fortid.
-
Då fanden heldt fest i Fitjefjella
Written by
Livet så langt har vore prega av ein serie underlege val. Til dømes valde eg i ein sein fase i oppveksten å byrje å spele toradar, og å vere open om dette, lenge etter at eg var gamal nok til å ha skjøna konsekvensane av det. No, etter 21 år i relativ sosial isolasjon, er…
-
Fiskarane i Stilleelva
Written by
Det var eit relativt lite problem vi hadde, Håvarden og eg, samanlikna med problemet Jesus og læresveinane hans var plaga med i Markusevangeliet, 6. kapittel, vers 31-44. Der måtte dei mette 5 000 menneske med fem brødleivar og tre små fiskar. Vi var berre to, og ein av oss hadde vel knappast rukke å bli…
-
Feige drengar og feite rotter
Written by
I ungdomsåra, frå eg var 14-15 og fram til eg var ferdig på høgskulen i Sogndal, arbeidde og som dreng på Knutebruket om somrane. Her laut eg lære det eg på Labakken hadde sluppe unna når det kom til gardsarbeid, mjølkeproduksjon og husdyrstell. Som med så mange små vestlandsbruk, var ikkje Knutebruket innbringande nok til…
-
Paintball med blåbær og luftgevær
Written by
Då eg var liten, i den grad eg nokon gong har vore skikkeleg liten, hadde eg ei uvanleg sterk interesse for skyting og våpen. Eg snakka om våpen, eg teikna våpen, eg spikka våpen og eg bygde våpen på sløyden. Eg hadde i lange tider gått kring og stirra, med eit lengtande blikk, på den…
-
Traktor og barne-TV
Written by
Den sommaren eg var 11 år gamal førte eg eit sorglaust liv heime på Labakken. Grunna ein mild, men akkurat sterk nok, pollenallergi var eg friteken frå alle plikter og byrdar som fylgde med gardslivet. Eg sov såleis frampå, gjorde så lite eg kunne om dagane og gjødde meg opp framom fjernsynet om kveldane. Kort…
-
Brennevin!
Written by
“Når du kjæme ut i sælskapsliva”, byrja bestefar, “når du kjæme ut i sælskapsliva æ dæ nyttigt å kunnje hantere alkohol”. Bestefar, som på den tida var tett oppunder 80 år gamal, hadde heilt rett i dette. Det er nyttig å kunne handtere alkohol på ein fornuftig måte når ein er ute i selskapslivet. Oftast…
-
Røyking er farleg
Written by
Harald på Jensbakken, som no er både røykfri og fråhaldsmann, var ein føregangsmann innan alkohol og nikotin i Bukta. Sjølve innføringa var det vel helst Håvard i Gunnja som tok seg av, men introduksjonen for substansane skal Harald ha æra for. Dette skjedde då eg var omlag 10-12 år gamal. Eg og Anders i Kvia…
-
Då eg skulle på besøk i Huus!
Written by
På hammaren ovanfor Labakken stod det ei lita, gul leikestove innimellom nokre gamle apallar. Den var ikkje ofte i bruk – og inni var det heller smått med inventar, berre ein underleg utsjåande stol som var halvrund i ryggen, underleg smal og helst litt vaklevoren. Det var her eg søkte tilflukt ein sumarleg ettermiddag før…
-
Pygméar i Zoologisk hage i 1906 og 2007
Written by
“Pygméar” er eit ord som vert nytta for å skildre medlemmer av stammar i sentral-Afrika der gjennomsnittshøgda på vaksne er 150 cm eller lågare. Ordet “pygme” stammar frå gresk, “pygmaioi” – eit mytisk stammefolk av dvergar som levde i det området som i dag heiter Ethiopia, i følgjer Homer. Pygméar er ganske enkelt ei gruppe…