“Når du kjæme ut i sælskapsliva”, byrja bestefar, “når du kjæme ut i sælskapsliva æ dæ nyttigt å kunnje hantere alkohol”. Bestefar, som på den tida var tett oppunder 80 år gamal, hadde heilt rett i dette. Det er nyttig å kunne handtere alkohol på ein fornuftig måte når ein er ute i selskapslivet. Oftast består denne handteringa i å takke høfleg nei, eitt glas tidlegare enn det som kjennest rett der og då – men bestefar såg det litt annerleis.

Slik han framstilte selskapslivet, var det den som framleis stod att med eit glas i handa, etter at dei andre hadde gått i golvet, som var den mest dugande festdeltakaren.

“No ska du sjå”, heldt bestefar fram. “Hær ha æg sætt fram nåken flaske mæ brænnjevin. Dei te venstre æ’ sokallja heitvina – og so bli dæi stærkare og stærkare dess længer du kjæme ut på hin kanta”. For at eg ikkje skulle vere ubudd når eg kom ut i “sælskapsliva” meinte bestefar at eg måtte smake meg gjennom heile rekkja – som talde 8-10 flasker.

Eg tok til i den svakaste enden med ein sterk men ofsaleg søt kirsebærlikør, som eg mistenkjer tante Kjellfrid for å stå bak. Den fekk det til å låse seg aldeles bak i halsen og det var med naud og neppe at eg fekk den ned. Omlag midtvegs i rekkja fekk eg mitt fyrste møte med rein Koskenkorva, som for bestefar var for reint vatn å rekne. Dernest kom brandy, konjakk og til sist ein Ballantines whisky, men på dette tidspunktet var eg byrja å bli så dårleg at eg ikkje klarte meir. Kanskje er dette årsaka til at eg idag likar whisky betre enn andre typar brennevin.

Nokre år tidlegare, fekk eg vite seinare, hadde bror Kjetil vore gjennom same ritualet. Om det er ein strategi å tilrå foreldre eller besteforeldre som ynskjer at ungane skal læra seg å handtere alkohol på ein fornuftig måte veit eg ikkje, men det gjekk mange år før eg drakk brennevin att.