Feige drengar og feite rotter

I ungdomsåra, frå eg var 14-15 og fram til eg var ferdig på høgskulen i Sogndal, arbeidde og som dreng på Knutebruket om somrane. Her laut eg lære det eg på Labakken hadde sluppe unna når det kom til gardsarbeid, mjølkeproduksjon og husdyrstell.

Som med så mange små vestlandsbruk, var ikkje Knutebruket innbringande nok til å halde oppe investeringstakta til dei store landbruksprodusentane på austlandet. Driftsbygninga på garden hadde vore moderne ein gong – men så langt attende var det ingen som kunne hugse. Knut K., brukaren på garden, ein kreativ kar og hadde likevel funne teknisk fikse måtar å omgå dei fleste vanskane på.

Ein av vanskane med gamle løer er det imidlertid vanskeleg å gjere noko med utan større investeringar – dei tjukke murveggane – som var eit utmerkt oppvekstmiljø for mus, rotter og andre gratispassasjerar i ein haltande landbruksøkonomi.

Om eg har ein lyte, så måtte det vere at eg er dårleg i sosial omgong med mus og rotter. På Kleiva, då eg var mindre, hadde vi hatt ein og annan museinvasjon som, oftare enn ikkje, enda med at eg og bror min stod på eit bord og kauka etter hjelp

Mor Asgjerd såg nok litt rart på oss, der ho måtte ligge å krype på alle fire under oppvaskbenken for å leite etter mus, medan dei to sønene hennar stod bleike og redde midt på kjøkenbordet. Vi var ikkje kry av det – men slik var det.

Som dreng i “Knute” var det ikkje eit alternativ å rope på mor. Her måtte eg stå på eigne bein – kor ustø dei måtte vere.

No var det ikkje det at det var spesielt mykje verken mus eller rotter på garden, men år om anna vaks bestanden fram. I fjøsskylet stod kraftfórsekkane oppetter murveggane og stødde seg. Når vi så skulle fóre kyrne, brukte vi eit stort ausekjerald til å fylle mjøl over bytter som vi bar inn i sjølve fjøsen.

Dette året var det så gale med rotter at hadde sekken stege oppetter veggen i meir enn eitt kvarter var det eit stort hol på baksida av den. Rotter som går på kraftfór veks og trivast – og før det hadde gått lenge byrja vi å sjå i tryna på nokre fæle beist som stakk ut mellom steinane i muren. Inne i fjøsen var det så lågt under taket at eg måtte gå bøygd – og stundom kunne eg sjå ein hale henge og dingle eit stykke framom meg, medan rottefar – eller mor – inntok eit måltid sitjande på bjelken over.

Dette var fælsleg tykte eg, men rottene tykte ikkje mykje om meg heller, så når eg ikkje gjekk for stilt i dørene sprang dei som oftast og gøymde seg. Denne terrorbalansen lærte vi oss etterkvart å leve med båe partar.

Om eg skal vedgå ein lyte til, så måtte det vere at eg har litt tungt for å stå opp om morgonen. Som ein konsekvens var eg oftast søvndrukken når eg tok morgonstellet i fjøsen.

Ein morgon eg hadde forsove meg grovt, sette eg meg på sykkelen og trødde ut i “Knute” på rekordtid, eg slengde frå meg sykkelen og subba inn i fjøsskylet i halvsøvne. Eg treiv blekkspanna med eine neven og stakk den andre nedi ein mjølsekk som stod der og greip etter ausekjeraldet.

I staden for det solide ausekjeraldet eg hadde venta å finne, trefte eg ein blaut, pelskledd rygg. I forfjamselsen trakte eg armen til meg – og med opp or sekken følgde det ei velvaksen rotte som heilt tydeleg var misnøgd med måten daurmålet hennar hadde enda på. Eg banna stygt og sprang ut or fjøsskylet. Rotta på si side, sleppte taket i skjorteerma mi og for pilande innatt i muren.

Alt inne i meg skreik “mamma, kom og hjelp!”, då eg ti minutt seinare, med bøygd hovud, sette kursen attende til fjøsen for å fullende mi drengegjerning.