Den sommaren eg var 11 år gamal førte eg eit sorglaust liv heime på Labakken. Grunna ein mild, men akkurat sterk nok, pollenallergi var eg friteken frå alle plikter og byrdar som fylgde med gardslivet. Eg sov såleis frampå, gjorde så lite eg kunne om dagane og gjødde meg opp framom fjernsynet om kveldane. Kort sagt: eit godt liv!

Som 11-åring hadde eg enno ikkje utvikla eit klårt filter for kva TV-seriar som var akseptable for gutar – og kva seriar som berre var for jenter. Ein av barne-tv seriane, som eg i ettertid kan sjå var i grenselandet, var Punky Brewster. I 1986 var ho eit populært innslag på norske TV-skjermar – og i all vår vankunne om kjønnsskilnader fylgde både eg og bror Kjetil (på 14) ivrig med på livet til den fregnete jenta, hunden hennar Brandon og kameraten deira Henry.

Medan vi hadde lite kunnskap om kjønnsrollemønster var vi, i aldersbestemte klassar, heilt i tet når det gjaldt motorferdsle på veg. Bestefar hadde forklart at det å køyre traktor, for ungar utan førarkort, berre var ulovleg dersom lensmannen såg på. Ettersom vi budde lengst oppe i grenda, med skogen som næraste granne, hadde vi god kontroll på om lensmannen var innan rekkevidde. Traktorkøyring var såleis stort sett “lovleg” heile tida.

Eit vansklegare stengsel for motorsporten si frie utfalding enn lensmannen var mor Asgjerd. Ho hadde lite til overs for friundervisninga til bestefar Anders Labakken – og hadde langt heller sett at minstealderen for traktorkøyring vart heva til 30.

Maskinparken på Labakken var ikkje i verdsklasse. Vi hadde to engelske traktorar av merket McCormick International som var kjøpte sist på ’60-talet for eitt firesifra beløp. Medan traktorane hadde pålitelege motorar, stod det mykje dårlegare til med bremsene. På båe traktorane var det ingen bremseverknad på den eine sida medan den andre sida hadde to trinn: heilt av eller heilt på. Konsekvensen av dette var at når ein freista å bremse, skar traktoren ut til eine sida. Bror Kjetil og bestefar lo både godt og lenge fyrste gong eg skulle prøve å køyre traktor – og heldt på å fare utfor ei bratt vegreine ovanfor garasjen på Labakken. Men dette skjedde minst to år tidlegare – og eg hadde i mellomtida hausta så mykje erfaring med traktorkøyring at eg for alle praktiske føremål såg på meg sjølv som utlært.

Ein dag fann eg og bror Kjetil ut at vi skulle ta kvar sin traktor og køyre om kapp fram Fitjedalen. Som sagt, så gjort og etter ein vellukka jaktstart på Labakketunet pressa vi snart dei gamle traktorane til sitt ytterste opp bakkane til Vårstøylen. Kjetil vann med knapp margin, det var forsmedeleg, men slik var det.

Medan vi stod der og reflekterte over kva eg kunne ha gjort for å kome forbi han, nede langs Veslevatnet, kom bror min til å sjå på klokka. Den var tett på seks! Barne-TV! Om vi ikkje skulle gå glipp av heile Punky-episoden den veka måtte det råkøyrast som det aldri hadde vore råkøyrt før.

Såleis hadde det seg at lensmannen, om han hadde vore på tur i Fitjedalen den dagen, kunne ha notert seg to galningar på høvesvis 14 og 11 år, på kvar sin gamle traktor, køyrande side om side i stor fart på den lause grusen ned Vårstøylsbakkane, utan bremser og utan tanke for å bruke dei – for å nå Punky Brewster og barne-TV.