Ting som undrar meg

Stundom skjer underlege ting. Det har så vore, det vil så vera!

  • Smør på flesk eller mindreverdskompleks?

    Written by

    ,

    Opp gjennom åra har eg registrert at skilting er noko som kan medføre mykje harme og som kan legge grunnlaget for godt og langt fiendskap grunneigarar og vegmyndigheiter imellom. I Ålhus i Jølster kan ingen skulde Statens Vegvesen for å ha vore for restriktive med omsyn til skilting. Rett framfor ein heil vegg dekt med…

  • Pygméar i Zoologisk hage i 1906 og 2007

    Written by

    , ,

    “Pygméar” er eit ord som vert nytta for å skildre medlemmer av stammar i sentral-Afrika der gjennomsnittshøgda på vaksne er 150 cm eller lågare. Ordet “pygme” stammar frå gresk, “pygmaioi” – eit mytisk stammefolk av dvergar som levde i det området som i dag heiter Ethiopia, i følgjer Homer. Pygméar er ganske enkelt ei gruppe…

  • Arbeidsmarknad: Kommunistar vs Nazistar

    Written by

    ,

    Det er vanskeleg å sjå føre seg kven som skulle ville tilsetje “Einar” til noko som helst. Ikkje eg i alle fall!

  • Marginale attraksjonar

    Written by

    Dess lenger ut i periferien ein kjem dess meir marginale er attraksjonane som vert marknadsførte. På vegen mellom Førde og Stongfjorden i Sunnfjord, finn ein mellom anna dette skiltet som skryter av at det finst daglegvarer å få kjøpt innan ein avstand på 1 km.

  • Gevinst: 24 dagar fengsel på vilkår og 1.000 kroner i bot

    Written by

    ,

    Denne vakre saka var å finne i nettutgåva av Sogn Avis, 22 Mai 2007.

  • Varedeklarasjon: Commodore 1541 II

    Written by

    ,

    I Januar 1988 kjøpte eg mi fyrste skikkelege datamaskin, ein Commodore 64 – “ny utgåve”! Det var like over Jul, eg hadde nyleg fyllt 13 år og hadde “lagt meg opp” pengar frå både “jebuss” og Jul før eg som “avlasting” for mor mi skulle på besøk til tante Kjellfrid i Oslo. Tysdag, 12. Januar,…

  • To måtar å tilbakevise ein idé på

    Written by

    ,

    Dersom nokon lanserer ein idé du ikkje likar kan du avvise den med eitt av dei følgjande argumenta: Dette har vore gjort/tenkt/sagt før Dette har ikkje vore gjort/tenkt/sagt før Desse to enkle argumenta dekkar absolutt alt og er difor populære når folk som ikkje har take seg bryet med å setje seg inn i ei…

  • FlexiFront: dersom djevelen barberar seg

    Written by

    ,

    Ein kveld eg var i retteleg godt humør hausten 2006 svara eg mot betre vitande når hustelefonen fasttelefonen min ringde. Det plar eg aldri gjere ettersom all erfaring tilseier at det er seljarar som ringjer. Men denne kvelden braut eg altså med leveregelen min grunna uvanleg ljos sinnsstemning. I den andre enden var det ein…

  • Politicians in Space

    Written by

    ,

    Eit finsk parlamentsmedlem går inn i valkampen på ein original måte, han har omsett nettstaden sin til Klingon, eit språk som er nytta i den klassiske scifi-serien Star Trek. Kanskje får vi i framtida sjå politikarar gå til val på alvespråket til Tolkien. Meir truleg er det vel at dei går vidare med Joyce sin…

  • Foreldremøte på Norsk og Italiensk

    Written by

    ,

    For ei tid sidan var det ei sak om at foreldre i bynære strok vest om Oslo hadde for vane å stille med advokat på foreldremøte. I Italia er det enno verre! Hjå Reuters kunne ein idag lese om ein familie som hadde take seg bryet med å banke opp ein rektor grunna misn�ye med…