Ting som undrar meg

Stundom skjer underlege ting. Det har så vore, det vil så vera!

  • Kolonnekøyring og nytt fjernsyn!

    Written by

    Grunna dei varme og sterke kjenslene eg nærar til fjernsynsapparatet eg kjøpte i Oslo for ei god veke sidan (men ikkje har fått heim enno) er eg no på veg til Oslo i bil. Min gamle far på sytti-eitt-eller-anna har tungt for å akseptere at alderen har kome til han også – og at tida…

  • Brotsverk og Bøtemål

    Written by

    ,

    Ein Sør-Afrikanar vart for ei tid sidan ilagt ein månads fengsel som straff for ikkje å ha sett mobilen sin på ‘lydlaus’ medan han befann seg i eit rettslokale! Men sjølv i Sør-Afrika var visst ikkje dette grunn god nok til å fengsle nokon! Reuters: A South African sentenced to a month in jail for…

  • Kurs i klarsyn

    Written by

    ,

    Frende Idar informerte meg idag om ein annonse han hadde sett i lokalavisa: Kurs i Klarsyn i Åndenes hus i Høyanger. Det er eigentleg ikkje så mykje å leggje til. Åndenes Hus i Høyanger arrangerer Kurs i klarsyn … Kurs for å utvikle sitt eget klarsyn og teknikkene vi bruker for å få dette til.…

  • 117 kredittkort

    Written by

    ,

    I Kenya var ein Nordmann blitt stogga med 117 kredittkort. Då dette ikkje er rekna for å vere heilt vanleg vart han halden att! Kan ikkje sjå at det er noko umogleg ved det? Det skulle vel svare bra til alle dei gongene eg har blitt tilbydd diverse u-unnværlege betalingsmiddel pr post, bensinstasjonar og flyplasskampanjar.…

  • NRK.no: Sogndal treng fleire homoar

    Written by

    ,

    Statsvitar Erling Dokk Holm identifiserte i dag det Sogndal kommune har slite med i lang tid. Sjølvaste nøkkelen til å oppnå ei positiv utvikling her. Det som manglar her er fleire homofile, fråskilde og innvandrarar. Det Dokk Holm er bekymra for er at det ikkje er rom for menneske som ikkje fell innunder A4-definisjonen i…

  • "Bare to flyginger stanset av uværet"

    Written by

    , ,

    Er det verkeleg slik at ein flyavgang ikkje er kansellert når flyet ikkje landar på flyplassen du skal reise frå? Aftenposten tykkjer visst det! I nettutgåva av Aftenposten 15.01.2007 kunne ein lese følgjande: Bare to flyginger stanset av uværet Mandagens uvær førte ikke til store problemer for flyreisende. Widerøe måtte innstille to flyginger, mens de…

  • Heksekunst

    Written by

    ,

    I følgje Associated Press har ein tysk domstol ilagt ei sjølvproklamert heks å tilbakebetale eit større pengebeløp innkravd for salet av ein kjærleiksfremjande trylleformel. Dette etter at ein kvinnelege klient kunne konstantere at den tidlegare kjærasten hennar, heksekunsten til trass, likevel ikkje kom attende.