Statsvitar Erling Dokk Holm identifiserte i dag det Sogndal kommune har slite med i lang tid. Sjølvaste nøkkelen til å oppnå ei positiv utvikling her. Det som manglar her er fleire homofile, fråskilde og innvandrarar.

Det Dokk Holm er bekymra for er at det ikkje er rom for menneske som ikkje fell innunder A4-definisjonen i Sogndal. Valet av eksempel er kanskje ikkje det beste ettersom desse tre gruppene utgjer rimeleg små avvik frå gjennomsnittleg levemåte i Januar 2007.

Elles må eg også få seie meg sterkt usamd med Dokk Holm. Etter å ha budd i Sogndal i over 10 år no kan eg berre konstantere at talet A3-, B5- og C4-menneske er større her enn nokon annan stad. Om ein skipa ut avvikarane frå denne bygda vart det ikkje mange att her. Heller ikkje underteikna, sjølv om eg til dags dato ikkje fell innunder nokon av kategoriane til Dokk Holm – om eg då ikkje kan sjåast på som ein slags innvandrar frå Gloppen!