01.06.2025

7 thoughts on “Om å reise med buss

  1. For dei meir velståande…

    Vi som til vanleg nyttar busstransport (ein transport som er berekna på dei mindre bemidla) veit godt om, og føler at vi er sedde nedpå av stresskofferttypar som av ein eller annen grunn finn det makelegare å stå timevis i avgangshallar og blimisstenkeleggjorde om kofferten har ein litt merkeleg fasong… men så er det dette med status då!

  2. Status vs menneskeverd

    Dette har ingenting med status å gjere. Flytransport er like utarmande men eg er meir van med at dette fører til noko godt – medan buss stort sett fører til Gulsvik Sør (og Nord).

  3. Slik held du på det tomme setet

    Du gløymde å ta med at det som gav utslaget for hatet mot bussturar var då Anders A. Fitje spydde i bussen på veg til skuleskidagen i femte klasse.

    Eg byrja å ta buss att etter at eg skulle bestille togbillett frå Oslo til Drammen i sommar. Det provoserande var ikkje at NSB krevde 530 kroner (buss: kr, 140), men at dei sa prisen utan å vise nokon form for skam eller vise nokon teikn på at dei skjøna kva utpressing dei praktiserer. I tillegg presterte seljaren av billetten å smile då han sa at toget var fullt, men at eg likevel kunne få kjøpe billetten og håpe på at eg vart med.

    200703092307

  4. No, når eg som vanleg googla meg sjølv ein sein torsdagskveld, kom eg raskt til denne sida, med kommentarar. Det er altså sant det som dei seier, at ein ikkje er herre over sitt eige omdøme på nettet.

    Dessutan spydde eg to tonger på veg til skidagen, i femte klasse, rett nok under ein snarveg om Kandalen. Antakeleg var tanken på hr Reite og andre nærsitjande sin stil i skisporet mykje av årsaka (lusekofter ad nauseam)!

    Når det gjeld det siste punktet til Kjetil, så skal ein ikkje så vekk ifrå at NSB har ei liste over folk som har ete pølse på termos undervegs på toget, som dei gløser til av og til når nokon skal tinge billett. Det blir spennande å finne ut av neste gong eg skal ta toget.

    Det er elles mykje ein kan seie og skrive om å ta bussen. Dette kan ein sikkert skrive sosiologiske avhandlingar om. Men at daglege drivarar innan it-bransjen har godt av å ta bussen stundom, kan det ikkje vere noko tvil om!

  5. Det direkte personåtaket på Kjetil vert teke imot med takksemd og sett stor pris på. Som eit tips til deg og andre som gjerne vil bli flinkare til å framsetje injurierande påstandar på Internett vil eg føreslå at du brukar fullt namn når du refererer til personar. T.d. Kjetil Sølve Reite i staden for berre Kjetil Reite eller Kjetil, På denne måten er det langt lettare for dei det gjeld å finne injuriane.

    Den irrasjonelle kjærleiken du gjev til kjenne overfor lange bussreiser og Gulsvik Nord er derimot heilt uforståeleg.

  6. Ein stad i lysbildebunken ligg det eit bilete av Anders A. Fitje, teke på ein skuleskidag. Rett nok er dette frå ungdomsskulen, men likevel har han ein stil som lett stiller setelsdalskofta etter far min i skuggen. Det skal sjølvsagt ein del til, men eg trur det lukkast denne gongen.

    Det fins andre bilete frå dagar på ski. Både av meg og Stein Runar Bergheim. Problemet er berre at redaktøren av denne heimesida kan tenkast å publisere stoff like selektivt som dei som redigerer Dagen eller Klassekampen. Det kan jo tenkast at han kun legg ut bilete av meg.

  7. Eg kan roe deg på dette området. I den tida vi gjekk på skule-skidagar var det ALDRI i mi interesse å ta bilete. Eg hadde heller ikkje overskotsenergi til å drive å fotografere. Bakken ut til Fløtravarden var mykje brattare på den tida. Dersom du har bilete må du gjerne kome med dei – så skal eg legge dei ut.

Comments are closed.