Toradaren har i Noreg ubrytelege band til gammaldansemusikk i 4/4 takt og med melodilinjer utan dei heilt store overraskingane for dei som høyrer på – eller dei heilt store utfordringane for utøvarane. Denne musikkforma er reservert for paria- og halvkastar. Representantar for det “ekte” og “høgverdige” kulturlivet, og då gjerne konsumentane snarare enn utøvararane, er difor villjuge til å gå langt for å dissosiere seg frå toradaren som instrument og toradarspelemannen som menneske.
Ein noko meir rettvis kritikk mot toradaren er at den set litt snevre grenser for kva melodiar som kan spelast på den. Dette, samt sterkt påtrykk frå ei eg på den tida delte husvære med, gjorde til at eg på slutten av ’90-talet pakka ned toradaren – for godt. To gonger har toradaren vore henta fram frå gløymselen etter dette. Eine gongen i samband med 80-årsdagen til Audun Fitje og andre gongen sist helg i samband med bryllaupet til Edle og Kåre Helgheim.
Hadde eigentleg gløymt kor kjekt det var å spele. Toradaren er attende i kråa si men – denne gongen skal eg ikkje like skråsikkert sverge på at den aldri kjem fram att.
I skrivande stund digitaliserar eg dei gamle “kassettbanda” mine slik at eg framleis kan høyre gjennom dei ein gong i framtida når bandspelarar berre er eit vagt minne frå ei forgangen tid og CD-plater og DVDar vert synte fram i museum til framtida sine pensjonistar med rustande nasepiercing og falmande skinnjakkar.











Whilst sightseeing by car on Corsica in May this year, a couple of friends and I came across this fellow who had dragged his wife/girlfriend/woman along on a cycling trip. He was equipped with all the usual pro gear: head band, tiny backpack and cycling shorts. She was about 100 meters behind him, presumably to avoid the view, and looked far from certain that a cycling holiday was such a good idea in the first place!