Takk og lov for Flora!

I dag kan ein lese i avisene at Flora er den einaste kommunen i landet som har ein plan for å handtere klimaendringar. Dette fylte meg med ei uendeleg kjensle av ro og tryggleik.

Som etnisk Gloppar veit eg no at det berre er å setje meg i bilen og køyre i halvannan time så er ein i paradis om klimaet skulle gå overende på Sandane. Litt lenger tid tek det nok frå Sogn men ikkje så mykje at eg bekymrar meg. Trur likesågodt eg let bilen stå på tomgang i natt…!