Mistenkjeleg koffert

Eg sit no i eit alt for lite fly på Gardermoen og ventar. Eg vil heim. Eg har tilbrakt ein heil dag i ymse tryggingskontrollar der eg har pakka opp og ned PCar, teke av og på belte og gjort høfleg som eg har blitt oppmoda om gong etter gong. Tre gonger.

Likevel sit eg no her av di dei har funne ein mistenkjeleg koffert inne i avgangshallen her på flyplassen. I cockpit veit dei ingenting. Flyverten kjem på høgtalaren av og til med nye orsakingar men veit ingenting. Dette om kofferten kan vi lese om på nettet. Eigentleg eit interessant konsept. Informasjonsflyten går raskare frå lufthamna og ut i media enn frå tårnet og ut i flya. Vonar ikkje dette er talande for generell responstid hjå flygeleiarar – men eg tenkjer no mitt!

Eg kom heim, men det gjorde ikkje kofferten min. Det var imidlertid ikkje den som forårsaka stenginga av Gardermoen. Det var ein som hadde med seg noko som såg ut som eit ‘den lille terrorist’-sett. Det synte seg imidlertid å vere harmlaust – om ein då ser bort ifrå kneskålene mine som aldri vil kome til å bli dei same igjen!

[ (Stein) Runar Bergheim, 6 . 2.Fri, ]