I dag kunne eg lese om ein Italienar som søkte den Katolske Kyrkja om å annulere ekteskapet han hadde inngått med ei kvinne som ikkje ville slutte å røyke trass lovnader om ekting og æring i både gode og vonde dagar.

I Finland har dei ein skilsmisserate pr 100 ekteskap på godt over 50. (51,2 i år 2000) i Italia er den same raten 10. Dette kan naturlegvis ha noko med at ein Katolikk ikkje får gifte seg så ofte/mykje som ein protestantisk nordbu som aldri har funne seg heilt til rette med at Gud skal blande seg bort i privatlivet til folk.

Ein Katolikk som skil seg frå ektemaken sin har det ikkje like enkelt om han eller ho skulle finne det for godt å gå til altars igjen. Den katolske kyrkja ser ikkje med blide auge på andregongs-lovnader om evig truskap innfor Gud. Den einaste sjansen ein truande katolikk har, om han ynskjer å halde dørene opne for eit framtidig ekteskap, er å få det noverande forrige annulert. Altså – erklært ugyldig.

Dette minner meg også på noko eg høyrde på radio for nokre månader sidan: Det hadde vore ein politiaksjon mot proforma-ekteskap [mellom “ulovlege” innvandrarar og etniske nordbuar] borte på Austlandet ein stad. Eg fekk ikkje med meg heile saka men innleiinga var meir enn nok til å nøre oppunder fantasien. Eg såg føre meg uniformerte politimenn storme hus midt på natta og avkrevje dei buande prov på sin udøyelege kjærleik. Korleis skal ein måle denne?

Berre eitt spørsmål!