Blog

  • 29 ting som er irriterande for store personar på eit fly

    Eg er to meter høg, ein meter brei, ein meter djup, og har såleis eit volum på omlag 2 kubikkmeter – og vekt deretter. Til små menneske som klagar over kor ubehageleg det er å reise med fly har eg berre ein ting å seie: de anar ikkje kva de snakkar om!

    På fly er det gunstigare å reise som bagasje enn som storvaksen! Dersom du til dømes sjekkar inn ein stor koffert, så må ikkje den reise på “økonomiklasse”. Den vert plassert i lasterommet på ein stad der det er plass til den. Litt lenger framme i flyet er det andre reglar som gjeld. Her har det ingenting å bety at eit sete fysisk er for lite for den som skal sitje der, der er det kun billettklassar og innsjekkingstidspunkt som gjeld.

    Kabinpersonalet vel, av omsyn til eige (u)behag, ikkje å sjå dette – og prøve å sjå til at store passasjerar får sitje der det er plass til dei. Vanlegast vert eg fortalt ved innsjekk a ‘om eg vil ha god sitjeplass så må eg kjøpe dyrare bilettar, eller i beste fall at eg kan spørje nokon om å få byte plass. Dette er naturlegvis noko eg ikkje gjer!

    Til alle dykk som ikkje er nøgde medan de er ute og flyg: her er mi liste på 29 ting som irriterar meg ved å reise med fly som ein STOR passasjer:

    1. Den korte jævelen som sit framfor meg, med seteryggen i bakre stilling
    2. Små menneske med korte bein som sit ved naudutgongane og strekkjer seg
    3. Det tronge setet mitt
    4. Kantar og “saumar” på stolryggen framfor meg som gneg mot knea mine (sjå punkt 1)
    5. Seteryggar som sig bakover, uavhengig av om justeringsknappen er inntrykt eller ikkje
    6. Knapp for justering av seteryggen på innsida av armlenet som konstant vert inntrykt, og som fører til at seteryggen sig bakover
    7. Kortare og kortare seteavstand dess lenger bak i flyet du kjem, sjølv innad i same kabin/billettklasse
    8. Alt styret rundt å kome seg ombord: køyring, parkering, flytog, flybuss, innsjekk, tryggingskontroll, kroppsvisitasjon og passkontroll
    9. Overprisa billettar, berre av di eg bestemte meg for å reise kort tid før avgong
    10. Å hamne i eit midtsete, der eg anten vert skvist mellom to andre passasjerar, eller der eg skvisar to andre passasjerar oppetter vindauget og ut i midtgongen
    11. At eg må skru av MP3-spelaren min under avgong og landing – hadde eg trudd ein augneblink at eitt så enkelt instrument som ein MP3-spelar ville kunne få flyet til å krasje hadde eg aldri gått ombord
    12. Serveringstraller som slår borti albogen og kneet mitt, når flypersonalet er på tur “rundt” i kabinen
    13. Smale sete med armlene som ikkje let seg løfte, slik at eg kan snike eine foten under og ut i midtgangen
    14. Dårleg luftkvalitet, fordi flyselskapet sparar pengar ved ikkje å køyre det på “full guffe” heile tida
    15. Folk som sit innanfor meg og som skal ut heile tida som har ADHD, eller som har ungar som sit i nærleiken som har ADHD
    16. Andre slike som meg sjølv, som tek opp meir plass enn det er i eit sete
    17. Bord som vert folda opp frå armlenet, som generelt er så låge at det er umogleg å få dei til å liggje flatt framfor meg
    18. Toalett som eigentleg er for små til at eg kjem inn
    19. Utydelege og uforståelege meldingar over intercomanlegget, som flygarane og kabinpersonalet etterkvart må ha opparbeidd vesentleg erfaring i å bruke
    20. Falsktsmilande og overvennleg kabinpersonale
    21. Tørr og kald mat, eventuelt underleg varm mat
    22. Teatralsk tryggingsdemonstrasjon
    23. Det faktum at einaste tryggingsutstyret for passasjerar ombord i flyet er flytevestar, som i tillegg ligg slik til at eg er ute av stand til å nå tak i dei.
    24. Det faktum at det alltid virkar til å bli turbulens etter at kabinpersonalet har vore rundt med kaffi
      • (resten av lista gjeld berre for flygingar med underhaldningsanlegg ombord)
    25. Høyretelefonuttak som er plasserte på innsida av armlenet, og som dermed gneg mot låret når eg pluggar i høyretelefonane
    26. For små videoskjermar som er plassert for langt unna
    27. Spelefilmar som er redigerte for å passe til flypublikum, der vesentlege delar er utelatne.
    28. Alt for låg plassering av LCD-skjermar i seteryggen framom meg, slik at innsynsvinkelen frå mi høgde gjev eit matt og dårleg bilete
    29. Ubrukelege høyretelefonar, som nesten aldri gjev meir enn monolyd – og som gjev plent med statisk støy i bakgrunnen.
  • The Las Vegas Strip

    Caesars Palace og Forum Romanum, Las Vegas

    Caesars Palace, eitt av dei mest vidgjetne casinoa i verda, komplett med ei utgåve av Forum Romanum i forgrunnen.

    Freemont Street ligg i det som vert kalla “downtown” Las Vegas. Det var her gamblingeventyret tok til, men dei mest vidgjetne casinoa i Las Vegas i dag ligg ironisk nok ikkje i det som formelt sett er Las Vegas men i nabobyen Paradise. Det var her vi budde, på Sahara Hotel & Casino, når vi kom attende frå the Grand Canyon for å tilbringe nok ein kveld i spelehovudstaden.

    (more…)

  • Grand Canyon, småbyen Williams og Route 66

    Grand Canyon sett frå Mather Point

    Grand Canyon ved solnedgong, utsyn frå Mather Point.

    Det var ettermiddag, vi var midt i ørkenen i Arizona og hadde to og ein halv time att å køyre før vi ville vere framme ved Grand Canyon. Det var nett byrja å demre for oss at vi kanskje ikkje ville rekke fram før solnedgong og såleis ville måtte nøye oss med å sjå eit stort mørkt juv der Grand Canyon skulle vore om det berre hadde vore dag. Samstundes demra det for oss kor utruleg dumt det ville vere å fortelje dei der heime at vi hadde køyrt to heile dagar i ørkenen utan å ha sett Grand Canyon i det heile.

    (more…)

  • Las Vegas og the Freemont Street Experience

    Utkanten av Las Vegas

    I Las Vegas, men 32 kilometer frå hotellet vårt! Stor by!

    Etter tre-fire timar over fjella og forbi Mohaveørkenen frå Los Angeles byrja ljoset frå Sin City å kome til syne på ein lett disig nattehimmel. I det vi kom inn i tettbusetnaden fortalde dama i navigasjonssystemet vårt at det var 32 kilometer(!) att til hotellet vårt. Eg hadde inntil då trudd at Las Vegas var ein by som berre bestod av casino og spelebuler – ikkje eitt sekund hadde eg førestelt meg kor mykje folk som faktisk bur og lever i verda sin pengespelhovudstad.

    (more…)

  • Los Angeles: ein bilby der du til ei kvar tid er 7 miles unna dit du skal

    Hollywoodskiltet måtte fotograferast men var litt oppskrytt der det låg oppe i ein tørr skrent, det tykte no i alle fall eg…

    Det suspekte namnet “Americas Best Value Inn” fører tankane raskt hen på eit lugubert overnattingsetablissement med større fokus på fauna og artsmangfald enn på reinhald og trivsel men, som grunna dette, er umåteleg billeg. Trass namnet var Americas Best Value Inn i Los Angeles både reint, triveleg – og relativt dyrt.

    (more…)
  • Hw 101 og amerikanske tradisjonsopplevingar

    Smorgaasbord og Vindmølle

    Vindmølle og Smorgaasbord ved the Danish Inn i Solvang, California.

    Etter dei grandiose naturopplevingane i Yosemite skulle vi vidare i til Los Angeles og etterkvart som vi køyrde sør-vestover frå Nevadafjella i retning Fresno kom vi gjennom ei rekkje små landsbyar med ufatteleg stor befolking. Ein stad var der ikkje andre livsteikn å sjå enn fire-fem restaurantar og ein bensinstasjon – likevel skrytte vegskiltet av 13 000+ innbyggjarar, som gudane må vite kvar var medan vi køyrde gjennom “grenda” i alle fall.

    (more…)

  • Yosemite Valley og Mariposa Grove Sequoias

    Dette skulle ikkje verte ein vanleg bytur med ende- og mållaus gatevandring fjorten dagar til ende, difor tok vi for to dagar sidan vegen til Sierra Nevada. I denne fjellkjeda, som skiljer Nevadaørkenen frå Californiadalen, ligg mellom anna nasjonalparkane Lake Tahoe, Yosemite, Kings Canyon og Sequoia.

    Sidan eg var liten, og såg eit bilete av fossen Bridalveil Fall i bestefar si “Jorden Rundt med Det Beste”-bok, har eg alltid hatt lyst til å sjå Yosemite. Difor var det Yosemitedalen som var målet når vi svinga utpå ei av bruene over San Francisco Bay og sette kursen austover i vår nyleigde, burgunderraude Ford Fusion. Turen frå San Francisco til Yosemite tok omlag fire og ein halv time.

    Yosemitedalen sett frå Valley View

    Ved innkøyrsla til Yosemitedalen var dette eitt av dei fyrste syna som møtte oss: Den massive fjellveggen El Capitan til venstre og Cathedral Rocks til høgre. Fossen Bridalveil Fall er nesten tørr på denne tida av året men er framleis synleg (til høgre på biletet). I kveldssola speglar dei bratte fjella seg i Mercedelva (i forgrunnen).

    (more…)

  • Med sykkel og kabelvogn…

    Inntil i går kveld hadde eg eit grunnleggande positivt syn på kabelbanene som San Francisco er så kjend for gjennom talrike reiseprogram og spelefilmar. Vognene tek seg fram ved at dei hektar seg fast på eit “eviggåande” kabelsystem som er bygd inn i metallskinner i vegen. Det er heller ikkje til å nekte for at vognene ser fine ut – så lenge ein ikkje er ombord.

    Kabelbana mellom Hyde og Powell

    Kabelbanevogn på Hyde Street

    Etter kring tre kvarter i kø saman med (andre) ekle turistar fekk vi endeleg klemt oss ombord i ei vogn. Eg posisjonerte meg heilt bak på vogna – i håp om å kunne klemme av eitt og anna bilete langsmed vegen. Slik skulle det ikkje bli. Ein surmaga konduktør jaga meg inn i vogna der eg vart ståande klemt saman med dei andre uheldige passasjerane. Idar var på dette tidspunktet minimalt interessert i å sjå noko som helst og hadde sikra seg eit sete. Med mi høgde kunne eg ikkje sjå noko anna enn asfalten rett utanfor glaset når eg stod oppreist. Om eg bøygde meg for å sjå ut, invaderte eg nærgrensa til ein aldrande, kvinneleg, tysktalande turist, så det var ikkje det aktuelt heller.

    (more…)

  • San Francisco så langt

    Hooters: Laura & Idar

    Idar og Hooters-servitrisa vår, Laura.

    San Francisco: Å gjere ingenting over lengre tid er krevjande. Etter ein halv dag med intens “ingentinggjering” la difor Idar og eg turen innom den amerikanske nasjonalinstitusjonen Hooters for å få oss ein styrketår. Som ein konsekvens av den gode tonen mellom Idar og salskreftene vart det innimellom 14 forbausande lettdrukkne øl også kjøpt inn både T-skjorte og babe-kalendar – den siste skal Ellen Johanne (Lunde) få – ettersom vi fann ut at dette var den einaste måten vi kunne forsvare innkjøpet på.

    (more…)

  • Holidays coming up: Western USA

    For the next two weeks Avinet colleague I.T.Kvam and myself, are going on a road-trip in California, Nevada and Arizona hoping to get the highlights of San Francisco, Yosemite Valley, Santa Barbara, Los Angeles, Las Vegas and the Grand Canyon.

    Depending on whether we can get a steady up-link now and then we may – or may not – upload the odd photo along the way! If you feel envious by now we have accomplished our primary objective. To see what you are missing out on, a link to California’s official vacation guide is enclosed.

    Californias Official Vacation Guide | California Travel | Vacation Ideas