kort-norsk
Vyrde frendar, nye som gamle, med 12 små gløtt frå eitt minnerikt 2013 vil eg ynskje deg og dine eitt retteleg godt 2014.

I romjula for fem år sidan, medan eg sat og skreiv reiserekningar, gjorde eg ei oppdaging som sidan den gong har utvikla seg frå å vere ein fiks ide til å bli ein fullskala psykose av spesialmedisinske dimensjonar: eg fann ut at eg hadde vore i eitt nytt land kvar kalendarmånad i året.

Eg reknar meg sjølv for å vere eitt statistisk mellomgodt menneske, men som det heiter i den Norske Kyrkja si syndsvedkjenninga, hugen til det vonde bur i hjarta mitt. Denne hugen kan gje seg så mangt eitt utslag, i mitt tilfelle kjende eg ein ugjendriveleg trong til å dele oppdaginga mi med alle eg kjende, i von om at dette måtte kveikje undring, beundring eller aller helst missunning hjå vener, kollegaer – og grannar. Det er lettare å ta mannen ut av småbruket enn å ta småbrukaren ut av mannen.

Sidan den gong har eg kvar romjul gått gjennom kalendaren og fotosamlinga mi med lys og lykte for å sjå om eg har lukkast med å klokke inn eitt nytt land kvar månad “dette året også”. I år feira eg jul i Bryssel og medan eg sat og plukka med jule- og nyttårshelsingar kom eg fram til at eg i år “mangla” eitt land. Vi skulle alikevel ut og gå oss ein tur og vi køyrde såleis halvannan time opp til kysten av Belgia og inn i Nederland (omlag 200 meter) slik at eg kunne “kvittere ut” Desember.

Under køyreturen heimatt opplevde eg ein sjeldan augneblink av sjølvinnsikt: (1) dette kan ikkje vere helsesamt; (2) dette er truleg ikkje så interessant for folk som eg trur det er.

Årsskiftet 2013/14 er såleis siste gongen eg kjem til å plage vener og kjende med reisevanane mine.

Kor som er: til dei eg har sett mykje av i året som har gått seier eg på gjensyn; til dei eg har sett (for) lite av festar eg von til at vegane våre  kryssast oftare i det nye året. 

Godt nyttår!

Runar