Ting som irriterar meg

Det er ikkje til å legge lok på at eg vert uroa når eg såg frende Are Frode Søholt gjere diktdebut på forlaget Tiden – samstundes vart eg vàr ei snikande og utilfreds kjensle av ikkje sjølv å ha utretta noko av tilnærmingsvis same proporsjon. Forlaget si omtale av diktsamlinga: ho står i rommet mitt […]
Ny, rik erfaring i reiselivet i dag. Eg er i ferd med å reise frå Trondheim til Dubai med KLM og har booka billett via Widerøe sine internettsider. Dei har skrive ut ein elektronisk billett til meg. Då eg freista å sjekke inn på nettet fekk eg beskjed om at min billett – eller ein […]
Då eg Onsdag morgon sjekka inn i Oslo freista eg å godsnakke med boardingstaben ved utgong 32 med det føremål å bli plassert i eit sete med toleleg beinplass. Dette er ein strategi som frå tid til tid virkar – men som er heilt avhengig av at den ein snakkar med forstår problemet. Forbausande ofte […]
Al Ain Palace, det eldste hotellet i Abu Dhabi. Ein gong palasset til Sheik Zayed bin Sultan al Nahyan – no tilhaldsstad for brunstige tyskarar og kvinnelege småentreprenørar. I bakgrunnen, Le Royal Meridien med den roterande takrestauranten sin. Grunna innrykk av feriegjester vart leilegheita til Oskar midlertidig overfylt og som sist ankomne nordmann i Abu […]
Biletet ovanfor syner kommunehuset i Abu Dhabi der eg arbeider. Det er noko meir “grandiost” enn kommunehusa heime – men så har då også kommunen 1 694 000 fleire innbyggjarar! Forrige helg gjekk med til å pleie helsa etter at eg vart slegen ut av feber fredag ettermiddag. Dermed fekk eg ikkje utforska Abu Dhabi […]
Eg er to meter høg, ein meter brei, ein meter djup, og har såleis eit volum på omlag 2 kubikkmeter – og vekt deretter. Til små menneske som klagar over kor ubehageleg det er å reise med fly har eg berre ein ting å seie: de anar ikkje kva de snakkar om! På fly er […]
Eg svara idag på ei spørjegransking på Internett. Til eitt av spørsmåla var det fire svaralternativ: “helt uenig”, “uenig”, “enig” og “helt enig”. Kan nokon fortelje meg skilnaden på det å vere “usamd” og det å vere “heilt usamd”?
Etter å ha prøvd talrike gonger å få endra ei oppføring i Telefonkatalogen via noko så passande som telefonen freista eg i dag “kontakt oss” tenesta på nettsidene til Eniro. Eg nytta Mozilla Firefox 2.0.0.6 og alt virka som det skulle – fram til eg freista å sende inn skjemaet når det var ferdig utfyllt. […]
Iannis Xenakis, son av Clearchos Xenakis og Photini Pavlou, vart fødd inn i den greske diasporaen på byrjinga av 1920-talet. Han var eldst av tre brør. Syskena, Cosmas og Jason vart høvesvis kunstmålar og filosofiprofessor. Faren var direktør i eit Engelskeigd import/eksport-firma og mora var pianist og snakka flytande engelsk og fransk. Historia fortel at […]