Iannis Xenakis og eg fann ikkje tonen

Iannis XenakisIannis Xenakis, son av Clearchos Xenakis og Photini Pavlou, vart fødd inn i den greske diasporaen på byrjinga av 1920-talet. Han var eldst av tre brør. Syskena, Cosmas og Jason vart høvesvis kunstmålar og filosofiprofessor. Faren var direktør i eit Engelskeigd import/eksport-firma og mora var pianist og snakka flytande engelsk og fransk. Historia fortel at det var mora som stod for det fyrste fatale feilgrepet: ho gav Iannis ei fløyte og oppmoda/muntra han til å studere musikk. Derifrå gjekk det berre nedover.

Xenakis døydde i 2001, men i dei åtti åra før og fram til idag gjer han framleis skade på skuldlause folk si forståing av musikk og korsong verda over. Xenakis og eg fann ikkje tonen. Dette kan naturlegvis vere mi skuld, men Det Norske Solistkor si framføring av ein av hans “Nuits” i Aulaen på Firda Vidaregåande Skule i går kveld kan tyde på at Xenakis hadde store vanskar med å finne tonen også når han sat åleine og komponerte.

Min vyrdnad for Det Norske Solistkor er høg (og stigande) – det er ikkje tvil om at det var eit krevjande verk å framføre og at dette vart gjort med glans – det er derimot tvil om kva tid Xenakis var fødd. 29. Mai 1921 verkar å vere det heitaste tipset på verdsveven og eg vil hermed føreslå dette som offentleg sørgjedag i Noreg.

Kjøp alt du kan få tak i av Xenakis – og brenn det på bålet saman med kunsten til Stig Eikaas.