På Norsk

Velkomen til den Norske delen av www.bergheim.dk. In the event that you are after the English portion of my website, please choose “In English” from the menu.

  • (Geo)turist

    Written by

    ,

    Det må truleg vere slik dei ser ut, desse geoturistane det er så mykje snakk om. Meg sjølv utanfor Madinat Jumeirah, Dubai, UAE. (Foto: Mike Cheremshynskyi)

  • Eit pølseskinn til besvær

    Written by

    No skal ein naturlegvis ikkje tru på media, statistikk og politiske festtalar, men om ein hadde gjort det, kunne ein lett ha fått inntrykk av at det norske helsevesenet er mellom dei fremste helsevesena i verda. Om så hadde vore, er det til å undre seg over at barnevernet aldri avla ein visitt heime hjå…

  • Då fanden heldt fest i Fitjefjella

    Written by

    Livet så langt har vore prega av ein serie underlege val. Til dømes valde eg i ein sein fase i oppveksten å byrje å spele toradar, og å vere open om dette, lenge etter at eg var gamal nok til å ha skjøna konsekvensane av det. No, etter 21 år i relativ sosial isolasjon, er…

  • Inntrykk frå Abu Dhabi (etter to veker)

    Written by

    Moské med forgylt kuppel nær Rashid Bin Saeed Al Maktoums gate. Abu Dhabi er ein storby – og ein stor by. Eit kompakt fotgjengarsentrum manglar heilt og transporten er konsentrert rundt privatbiltrafikk. Det er butikkar over alt men den “seriøse” shoppinga er konsentrert til gigantiske kjøpesenter, “malls”, med innandørs gater, underhaldning og restaurantar. Del av…

  • Ei ny helg står for døra i Abu Dhabi

    Written by

    ,

    Biletet ovanfor syner kommunehuset i Abu Dhabi der eg arbeider. Det er noko meir “grandiost” enn kommunehusa heime – men så har då også kommunen 1 694 000 fleire innbyggjarar! Forrige helg gjekk med til å pleie helsa etter at eg vart slegen ut av feber fredag ettermiddag. Dermed fekk eg ikkje utforska Abu Dhabi…

  • Vermelding frå Abu Dhabi

    Written by

    Bylandskapet i Abu Dhabi, sett frå piren ved Marina Mall. Då eg på fredag tok farvel med kollegiet på Leikanger gjorde eg eitt stort poeng utav kor meiningslaust det er å vere i Noreg i tidsrommet november til mars, så la eg til noko om solbriller, varme dagar og bading, før eg la beina på…

  • Veslejulaftan, 5. januar 2008

    Written by

    Gjengen samla utanfor Bar & Cigar i Oslo, 5. januar 2008. Frå venstre: Are Frode, Eirik, meg sjølv, Kåre, Kjetil og Anders. Anders, Are Frode, Eirik, Kjetil, Kåre og eg sjølv, byrja i 1988 å samlast på Veslejulaftan for å røyke sigarar, utveksle gåver og elles oppsummere året vi hadde vore gjennom. Samlinga oppstod som…

  • God jul og godt nyttår!

    Written by

    Ei tynn hinne av is har lagt seg over vikane langs Gloppefjorden. Biletet teke i byrjinga av desember 2007 ved “Knutenaustet” på Ytre Fitje. Eg vil ynske alle ei retteleg god jul og eit godt nytt år i 2008!

  • Gloppen Boksete: Per Sivle, Alfred Fidjestøl – og Anders A Fitje

    Written by

    Etter å ha flytt attende til Sandane frå synda sin eigen heimstad, Oslo, har frende Anders A Fitje teke initiativ til ei tilstelling i litteraturen sitt namn, Gloppen Boksete. Boksete er, til liks med “beverpelsen” til Agnar Mykle, eit vakkert ord som det ikkje utan vidare er lett å bli klok på – om du…

  • 29 ting som er irriterande for store personar på eit fly

    Written by

    Eg er to meter høg, ein meter brei, ein meter djup, og har såleis eit volum på omlag 2 kubikkmeter – og vekt deretter. Til små menneske som klagar over kor ubehageleg det er å reise med fly har eg berre ein ting å seie: de anar ikkje kva de snakkar om! På fly er…