På Norsk
Velkomen til den Norske delen av www.bergheim.dk. In the event that you are after the English portion of my website, please choose “In English” from the menu.
-
Paintball med blåbær og luftgevær
Written by
Då eg var liten, i den grad eg nokon gong har vore skikkeleg liten, hadde eg ei uvanleg sterk interesse for skyting og våpen. Eg snakka om våpen, eg teikna våpen, eg spikka våpen og eg bygde våpen på sløyden. Eg hadde i lange tider gått kring og stirra, med eit lengtande blikk, på den…
-
Traktor og barne-TV
Written by
Den sommaren eg var 11 år gamal førte eg eit sorglaust liv heime på Labakken. Grunna ein mild, men akkurat sterk nok, pollenallergi var eg friteken frå alle plikter og byrdar som fylgde med gardslivet. Eg sov såleis frampå, gjorde så lite eg kunne om dagane og gjødde meg opp framom fjernsynet om kveldane. Kort…
-
Brennevin!
Written by
“Når du kjæme ut i sælskapsliva”, byrja bestefar, “når du kjæme ut i sælskapsliva æ dæ nyttigt å kunnje hantere alkohol”. Bestefar, som på den tida var tett oppunder 80 år gamal, hadde heilt rett i dette. Det er nyttig å kunne handtere alkohol på ein fornuftig måte når ein er ute i selskapslivet. Oftast…
-
Røyking er farleg
Written by
Harald på Jensbakken, som no er både røykfri og fråhaldsmann, var ein føregangsmann innan alkohol og nikotin i Bukta. Sjølve innføringa var det vel helst Håvard i Gunnja som tok seg av, men introduksjonen for substansane skal Harald ha æra for. Dette skjedde då eg var omlag 10-12 år gamal. Eg og Anders i Kvia…
-
Då eg skulle på besøk i Huus!
Written by
På hammaren ovanfor Labakken stod det ei lita, gul leikestove innimellom nokre gamle apallar. Den var ikkje ofte i bruk – og inni var det heller smått med inventar, berre ein underleg utsjåande stol som var halvrund i ryggen, underleg smal og helst litt vaklevoren. Det var her eg søkte tilflukt ein sumarleg ettermiddag før…
-
Langedalen midt i oktober
Written by
Midt på åttitalet var det lite folk å finne på Fitjestøylen anna enn helgar med godt og lageleg vér midt på sommaren. Eg og nokre kameratar, som likte å gå i fjellet, byrja i den tida å gå på støylen ofte. I tidsrommet frå mai til oktober var vi der rett som det var heilt…
-
Frelse eller fortaping?
Written by
Eitt av dei store vegvala i livet: gudsteneste (til høgre) eller flakedans (til venstre) – frelse eller fortaping? Teke under friluftshelga i Hyen, sommaren 2007. Foto: Asgjerd Bergheim (http://asgjerd.bergheim.dk).
-
Haust på Granekupa
Written by
Det er ikkje eit skikkeleg år om eg ikkje har vore inn på Fagredalsreset og sett utover Fagredalen, Blådalen og Måsedalen. Då frende Ove var på (relativt) sørlege breddegrader for nokre dagar, nytta vi høvet til å ta ein tur på Granekupa for å fiske – og meditere over nok eit år utan at vi…
-
Eg er usamd, nei vent, eg er HEILT usamd?
Written by
Eg svara idag på ei spørjegransking på Internett. Til eitt av spørsmåla var det fire svaralternativ: “helt uenig”, “uenig”, “enig” og “helt enig”. Kan nokon fortelje meg skilnaden på det å vere “usamd” og det å vere “heilt usamd”?
-
Til lukke, Gunhild & Roy
Written by
Fyrste september gifte Gunhild og Roy seg i Bygstad kyrkje med påfølgjande fest på Åmot gard. Eit storveges bryllaup som varte frå fredag til søndag – og som seint vil bli gløymt.