På Norsk

Eg, innehavaren av denne nettstaden, held til i ein omfangsrik skrott som i daglegtale lyder namnet Runar. Eg er vaksen opp hjå – og går dermed utifrå at eg er son av – Asgjerd og Rasmus Bergheim og er følgjeleg bror til den andre sonen deira, Kjetil. I følgje kjelder som står meg nær har […]
I selskap med frendane Harald på Jensbakken og Håvard i Gunnja gjekk årets fisketur av stabelen frå 4. til 6. August. Etter fleire år med ambisiøse, kostnadsdrivande og sørgjeleg fiskelause turmål utanlands gjekk turen denne gongent til Granekupa. Anders i Kvia var ikkje med og vi konkluderte som George Bush at dei som ikkje er […]
Eg har alltid vore av den formeining at Internett er ein stad der folk burde kommunisere på engelsk. Beklagelegvis syner det seg at dette er eit synspunkt eg er meir eller mindre �leine om i den heimlege omgangskrinsen min. Sjølv om tyngda av dei som vitjar nettstaden er utlendingar som gjev positive tilbakemeldingar har eg […]
Helga frå 4. – 6. August 2006 skjer det igjen. Hyarar, Jølstringar og andre som kjenner at dei har utvida rettar knytt til fiskevatn og utmarksressursar i “smuttholet” mellom Fitje, Gjengedal og Årdal kan med fordel leggje vegen om Fagredalen om dei ynskjer å skrive ut nokre velfortente – men for lengst inntente – fiskeførelegg. […]
Når Anders, Harald, Håvard og underteikna skal skal på fisketur må det planleggast – grundig. Ved ein gjennomgang av den etterkvart nokså antikvariske datamaskinen heime i stova fann eg mellom anna dette dokumentet. Fisketur i Skottland Destinasjon Aberdeen Aberdeen er valt kun og blott fordi det er ein grei stad å ta seg fram til […]