Mosque

Moské med forgylt kuppel nær Rashid Bin Saeed Al Maktoums gate.

Abu Dhabi er ein storby – og ein stor by. Eit kompakt fotgjengarsentrum manglar heilt og transporten er konsentrert rundt privatbiltrafikk. Det er butikkar over alt men den “seriøse” shoppinga er konsentrert til gigantiske kjøpesenter, “malls”, med innandørs gater, underhaldning og restaurantar.

Gatebilete frå Abu Dhabi

Del av Zayed den fyrstes gate, Abu Dhabi sentrum

Abu Dhabi er flatt. Heilt flatt. Landskapet består av ei uendeleg rekkje med høghus, kjensla av å vandre kringom i Abu Dhabi kan ikkje vere så heilt ulik den ein har når ein går på Manhattan i New York.

Fontene ved Corniche

Fontene i nærleiken av Sheraton hotel på Corniche

Arabarane er glade i vatn. Alle samfunn har ein tendens til å dyrke minimumsfaktorane sine, det er truleg difor ein finn nordmenn i badebukse og bikini i påskefjellet, om sola skulle gløtte fram. I Abu Dhabi er det fontener som gjeld. Mange fontener, over alt.

mosque.jpg

Moské i nærleiken av gullsouken i Abu Dhabi

På same måte som vi let oss undre over talet kyrkjer pr innbyggjar, i små bygdesamfunn på vestlandet, er Abu Dhabi full av moskear. Frå kraftige høgtalarar i minaretane vert muslimane kalla til bøn fem gonger dagleg med ulike bønerop som vert framførte/sungne av muezzinen. Om dette skjer midt i eit møte, hender det at folk reiser seg og går, for så å kome attende ti minutt seinare, etter bøna. Det står respekt av det å ikkje berre seie at ein trur, men også å lever deretter.

Lovsystemet i Abu Dhabi er basert på Sharia, lovdelen i Koranen. Dette medfører ei rekkje restriksjonar som eg ikkje er van med, men som har liten konsekvens for mitt levesett, når det kjem til stykket. Folkeskikk og bondevit strekkjer langt også her. Underleg nok går det an å få kjøpt både brennevin og bacon her nede, i spesielle butikkar som sel “non-Islamic groceries”. Det same gjeld i internasjonale restaurantar og hotell som fungerar som små sekulære samfunn i den religiøse staten.

Corniche

Utsnitt av “strandpromenaden” i Abu Dhabi, Corniche

Abu Dhabi er ein trygg by. I Oslo, med sine 500 000 innbyggjarar, kan ein utan vanskar klare å bli fråstolen lommeboka om ein tek seg ein spasertur langs Akerselva om kvelden. I Abu Dhabi kan ein spasere åleine på Corniche klokka 02:00 om natta utan å ha noko anna å vere redd for enn at det vert tungt å stå opp neste dag.

Eg trur ikkje at eg kjem til å leige bil i Abu Dhabi; store delar av befolkinga i her er djupt religiøse, og stør seg til at det som er meint å skje skjer, uavhengig av raude og grøne trafikklys, fotgjengarfelt og tometer høge nordmenn.

Mest fascinerande er det kanskje at Abu Dhabi inntil 1970 var ein landsby med svært få innbyggjarar, ingen høghus og dårlege prospekt for framtida. Sheik Zayeed bin Sultan al Nahyan bygde denne byen med inntektene han henta frå oljen. Men arabarane har ikkje late seg blinde av oljen, dei byggjer ein stabil økonomi som har fleire bein å stå på og der oljen pr dato utgjer mindre enn 10% av BNP.