På Norsk

Velkomen til den Norske delen av www.bergheim.dk. In the event that you are after the English portion of my website, please choose “In English” from the menu.

  • På sauepatrulje i Fitjefjella (bilete)

    Written by

    ,

    Var med frende Anders på “sauepatrulje” i Fitjefjella i tjukk skodde no på Søndag. Hadde med fiskestang og fotoapparat, resultat: 0 fisk og 50+ bilete. Rusa på fiskelukka i Måsedalen to dagar før let eg likevel ikkje dette gå inn på meg. Sjå album her.

  • På fisketur i Måsedalen

    Written by

    ,

    Eg og frende Ove Drageset avla vår årlege vitjing i Måsedalen denne helga og ein biletserie frå turen er lagt ut i galleriet. Vepna med både fiskekort og lovleg leigd båt fiska vi for fyrste gong med (skikkeleg) reint samvit i Måsedalen. Det kjendest underleg – men gav godt resultat: 70 fiskar på tre og…

  • Hjort på Kleiva: ein som lever farleg i haust

    Written by

    ,

    Denne hjorten stod uforstyrra og åt i hagen heime på Kleiva i dag ettermiddag. Om han ikkje lærer seg at ikkje alle menneske ynskjer han godt innan ein månad eller to, spøkjer det for om han kjem til å oppleve ein “betre vår eingong” som det heiter i songen. Sjå også: Rein på Labakken

  • Telefonkatalogen og Firefox

    Written by

    ,

    Etter å ha prøvd talrike gonger å få endra ei oppføring i Telefonkatalogen via noko så passande som telefonen freista eg i dag “kontakt oss” tenesta på nettsidene til Eniro. Eg nytta Mozilla Firefox 2.0.0.6 og alt virka som det skulle – fram til eg freista å sende inn skjemaet når det var ferdig utfyllt.…

  • Håholmen etter solnedgang

    Written by

    Bilete teke ein sein kveldstime fredag 3. August 2007 på Håholmen ved Averøya.

  • Iannis Xenakis og eg fann ikkje tonen

    Written by

    Iannis Xenakis, son av Clearchos Xenakis og Photini Pavlou, vart fødd inn i den greske diasporaen på byrjinga av 1920-talet. Han var eldst av tre brør. Syskena, Cosmas og Jason vart høvesvis kunstmålar og filosofiprofessor. Faren var direktør i eit Engelskeigd import/eksport-firma og mora var pianist og snakka flytande engelsk og fransk. Historia fortel at…

  • Mintgrønt og rosa!

    Written by

    , ,

    Pastellfargar – alt er liksom sagt allereie – eg veit ikkje kva meir eg kan leggje til!

  • Fakta om bryllaup

    Written by

    ,

    Medan eg for nokre dagar sidan fortvila leita kringom på verdsveven i håp om å finne gode forslag til korleis ein toastmaster skulle te seg fann eg ei utømeleg kjelde til fordummande vitsar og grundig utbrukte idear. Som kjent kan fantasien kan sjeldan eller aldri konkurrere med røyndomen så eg byrja å leite i historiske…

  • Gloppen Musikkfest 2007

    Written by

    Min gamle frende og svirebror Are Frode Søholt tok for fire fem år sidan initativet til ein festival for kammermusikk i heimbygda vår Gloppen. Dette var ikkje nokon enkel idé å kome på – sjølv om det er betydeleg lettare å tenkje den enn det må ha vore å realisere den. Are Frode har altså…

  • Når trekkspelet vaknar

    Written by

    ,

    Toradaren har i Noreg ubrytelege band til gammaldansemusikk i 4/4 takt og med melodilinjer utan dei heilt store overraskingane for dei som høyrer på – eller dei heilt store utfordringane for utøvarane. Denne musikkforma er reservert for paria- og halvkastar. Representantar for det “ekte” og “høgverdige” kulturlivet, og då gjerne konsumentane snarare enn utøvararane, er…