På Norsk
Velkomen til den Norske delen av www.bergheim.dk. In the event that you are after the English portion of my website, please choose “In English” from the menu.
-
Fort – må rekke ferje(kaia)
Written by
Ei ferjekai er ein fundamentalt meiningslaus stad der all glede svinn frå meg som dogg for sola i det eg ser bommen gå ned og ferja legge frå. Statistisk sett skulle ein tru at sjansen for akkurat å nå ei ferje er like stor som sjansen for å akkurat IKKJE nå ei ferje men her…
-
Marginale attraksjonar
Written by
Dess lenger ut i periferien ein kjem dess meir marginale er attraksjonane som vert marknadsførte. På vegen mellom Førde og Stongfjorden i Sunnfjord, finn ein mellom anna dette skiltet som skryter av at det finst daglegvarer å få kjøpt innan ein avstand på 1 km.
-
Gevinst: 24 dagar fengsel på vilkår og 1.000 kroner i bot
Written by
Denne vakre saka var å finne i nettutgåva av Sogn Avis, 22 Mai 2007.
-
Varedeklarasjon: Commodore 1541 II
Written by
I Januar 1988 kjøpte eg mi fyrste skikkelege datamaskin, ein Commodore 64 – “ny utgåve”! Det var like over Jul, eg hadde nyleg fyllt 13 år og hadde “lagt meg opp” pengar frå både “jebuss” og Jul før eg som “avlasting” for mor mi skulle på besøk til tante Kjellfrid i Oslo. Tysdag, 12. Januar,…
-
To ting som held meg attende
Written by
Ettersom eg er tiltakslaus gjennomfører eg sjeldan dei brilliante ideane som frå tid til tid sler ned i hovudet mitt. Då eg er bunden av konvensjonar sler eg alt for ofte frå meg å gjere ting som er uvanlege og urimelege men fullt ut moglege! Eg skal skjerpe meg… Eg skal skjerpe meg… Eg skal…
-
To måtar å tilbakevise ein idé på
Written by
Dersom nokon lanserer ein idé du ikkje likar kan du avvise den med eitt av dei følgjande argumenta: Dette har vore gjort/tenkt/sagt før Dette har ikkje vore gjort/tenkt/sagt før Desse to enkle argumenta dekkar absolutt alt og er difor populære når folk som ikkje har take seg bryet med å setje seg inn i ei…
-
Forklaringa ligg truleg oppstraums
Written by
Her om dagen kunne ein i Sogn Avis lese denne fascinerande historia om ein stramtluktande foss med misfarga vatn. Grannane vil ikkje spekulere i årsaka, men heller lære seg å leve med stoda slik den er.
-
FlexiFront: dersom djevelen barberar seg
Written by
Ein kveld eg var i retteleg godt humør hausten 2006 svara eg mot betre vitande når hustelefonen fasttelefonen min ringde. Det plar eg aldri gjere ettersom all erfaring tilseier at det er seljarar som ringjer. Men denne kvelden braut eg altså med leveregelen min grunna uvanleg ljos sinnsstemning. I den andre enden var det ein…
-
Rein på Labakken
Written by
Då eg var liten var det sjeldan å sjå rein i Fitjefjella i det heile. Ivrige fjellvandrande grannar kunne rapportere å ha sett reinstammen borte på Vona i Naustdal eller kanskje så nære som i Steinbotnen, i Hyemarka eller på Granekupa. Nede i tuna på Fitje var dei aldri som eg kan hugse. No går…
-
Mor Asgjerd på nett
Written by
Mi kjære mor har teke steget ut på verdsveven i ein alder av sytti-noko. Det er kanskje ikkje så uvanleg i våre dagar men eg vil likevel gratulere ho med framsteget og oppmuntre ho til å halde fram å skrive i bloggen sin. Følgjande er saksa frå bloggen hennar: … Asgjerd vart hekta på bruk…