Frå reiser & turar
Når eg sit i ro kjem tankane til meg, når eg er i rørsle kjem eg til tankane.
-
(Geo)turist
Written by
Det må truleg vere slik dei ser ut, desse geoturistane det er så mykje snakk om. Meg sjølv utanfor Madinat Jumeirah, Dubai, UAE. (Foto: Mike Cheremshynskyi)
-
Inntrykk frå Abu Dhabi (etter to veker)
Written by
Moské med forgylt kuppel nær Rashid Bin Saeed Al Maktoums gate. Abu Dhabi er ein storby – og ein stor by. Eit kompakt fotgjengarsentrum manglar heilt og transporten er konsentrert rundt privatbiltrafikk. Det er butikkar over alt men den “seriøse” shoppinga er konsentrert til gigantiske kjøpesenter, “malls”, med innandørs gater, underhaldning og restaurantar. Del av…
-
Ei ny helg står for døra i Abu Dhabi
Written by
Biletet ovanfor syner kommunehuset i Abu Dhabi der eg arbeider. Det er noko meir “grandiost” enn kommunehusa heime – men så har då også kommunen 1 694 000 fleire innbyggjarar! Forrige helg gjekk med til å pleie helsa etter at eg vart slegen ut av feber fredag ettermiddag. Dermed fekk eg ikkje utforska Abu Dhabi…
-
Vermelding frå Abu Dhabi
Written by
Bylandskapet i Abu Dhabi, sett frå piren ved Marina Mall. Då eg på fredag tok farvel med kollegiet på Leikanger gjorde eg eitt stort poeng utav kor meiningslaust det er å vere i Noreg i tidsrommet november til mars, så la eg til noko om solbriller, varme dagar og bading, før eg la beina på…
-
The Las Vegas Strip
Written by
Caesars Palace, eitt av dei mest vidgjetne casinoa i verda, komplett med ei utgåve av Forum Romanum i forgrunnen. Freemont Street ligg i det som vert kalla “downtown” Las Vegas. Det var her gamblingeventyret tok til, men dei mest vidgjetne casinoa i Las Vegas i dag ligg ironisk nok ikkje i det som formelt sett…
-
Grand Canyon, småbyen Williams og Route 66
Written by
Grand Canyon ved solnedgong, utsyn frå Mather Point. Det var ettermiddag, vi var midt i ørkenen i Arizona og hadde to og ein halv time att å køyre før vi ville vere framme ved Grand Canyon. Det var nett byrja å demre for oss at vi kanskje ikkje ville rekke fram før solnedgong og såleis…
-
Las Vegas og the Freemont Street Experience
Written by
I Las Vegas, men 32 kilometer frå hotellet vårt! Stor by! Etter tre-fire timar over fjella og forbi Mohaveørkenen frå Los Angeles byrja ljoset frå Sin City å kome til syne på ein lett disig nattehimmel. I det vi kom inn i tettbusetnaden fortalde dama i navigasjonssystemet vårt at det var 32 kilometer(!) att til…
-
Los Angeles: ein bilby der du til ei kvar tid er 7 miles unna dit du skal
Written by
Det suspekte namnet “Americas Best Value Inn” fører tankane raskt hen på eit lugubert overnattingsetablissement med større fokus på fauna og artsmangfald enn på reinhald og trivsel men, som grunna dette, er umåteleg billeg. Trass namnet var Americas Best Value Inn i Los Angeles både reint, triveleg – og relativt dyrt.
-
Hw 101 og amerikanske tradisjonsopplevingar
Written by
Vindmølle og Smorgaasbord ved the Danish Inn i Solvang, California. Etter dei grandiose naturopplevingane i Yosemite skulle vi vidare i til Los Angeles og etterkvart som vi køyrde sør-vestover frå Nevadafjella i retning Fresno kom vi gjennom ei rekkje små landsbyar med ufatteleg stor befolking. Ein stad var der ikkje andre livsteikn å sjå enn…
-
Yosemite Valley og Mariposa Grove Sequoias
Written by
Dette skulle ikkje verte ein vanleg bytur med ende- og mållaus gatevandring fjorten dagar til ende, difor tok vi for to dagar sidan vegen til Sierra Nevada. I denne fjellkjeda, som skiljer Nevadaørkenen frå Californiadalen, ligg mellom anna nasjonalparkane Lake Tahoe, Yosemite, Kings Canyon og Sequoia. Sidan eg var liten, og såg eit bilete av…