Frå reiser & turar
Når eg sit i ro kjem tankane til meg, når eg er i rørsle kjem eg til tankane.
-
Øyvind av Arabia (UAE) Mars 2009
Written by
Fare for kamel: Øyvind Larsen langs ein landeveg i utkanten av Rub Al Khali på grensa mellom dei Sameinte Arabiske Emirata og Sultanatet Oman. No er det ikkje det at Hyarar ikkje har vore ute og reist før. Både Kristoffer Bonde (betre kjent som Columbus), Brødrene Aa og Øyvind Larsen har på utmerkt vis gjeve…
-
Petra, Wadi Rum, Daudehavet og meir (Jordan) Februar 2009
Written by
Kven: Meg sjølv Kva: Jordan på tre dagar (i minste laget) Kvar: Petra, Wadi Rum, Karak, Daudehavet, Nebofjellet Når: 12-15. Februar 2009
-
Kollegaene mine i Abu Dhabi
Written by
Ein liten amerikanar, ein stor nordmann og ein liten ukrainar… Eit lite stykke Norplan! Det har snart gått eitt år sidan eg la ut frå Sogndal for ein to-vekers tur til Abu Dhabi for å sjå om eg kunne bidra med noko på grunnkartleggingsprosjektet som Norplan arbeidde med der for Abu Dhabi Kommune. Eg har…
-
SAS: "Beklager, nødutgangen er i Economy Flex"
Written by
Då eg Onsdag morgon sjekka inn i Oslo freista eg å godsnakke med boardingstaben ved utgong 32 med det føremål å bli plassert i eit sete med toleleg beinplass. Dette er ein strategi som frå tid til tid virkar – men som er heilt avhengig av at den ein snakkar med forstår problemet. Forbausande ofte…
-
Sana'a (Jemen) August 2008
Written by
Kven: Oskar Henriksen og meg sjølv. Kva: Vitjing i Sana’a (Jemen). Kvar: Sana’a og det nære omlandet. Når: Slutten av August 2008.
-
Grensekrenking i eksotiske omgjevnader
Written by
Om vi skulle verte tekne for å ha trengt oss inn på ulovleg grunn tenkte vi å seie at vi berre var dumme turistar, noko som knappast ville vere å lyge. Jebel Hafeet, Al Ain, UAE. (Foto: Mike Cheremshynskyi) – “That will probably be a little difficult for you”, sa den spinkle, vesle indaren i…
-
Den etiopiske kaffiseremonien
Written by
– “Skal vi gå og ta ein kaffi før vi dreg attende til leilegheita?”, spurde eg Tor Gunnar etter å ha klemt meg ut døra frå det uvanleg trange lokalet til Abu Dhabi New Tailors. Som sagt så gjort; etter å ha konstantert at det var fullt på det næraste etablissementet Juice & Refreshments sette…
-
Al Ain Palace
Written by
Al Ain Palace, det eldste hotellet i Abu Dhabi. Ein gong palasset til Sheik Zayed bin Sultan al Nahyan – no tilhaldsstad for brunstige tyskarar og kvinnelege småentreprenørar. I bakgrunnen, Le Royal Meridien med den roterande takrestauranten sin. Grunna innrykk av feriegjester vart leilegheita til Oskar midlertidig overfylt og som sist ankomne nordmann i Abu…
-
Sand, sand, sand…
Written by
Sanddyne i ørkenen mellom Abu Dhabi og Al Ain i låg kveldssol Handling er ein fin ting, men det finst grenser for kor lenge ein kan rusle kringom i Abu Dhabi og handle. Ein kan naturlegvis variere med å ta seg ein tur til Dubai for å handle. Men det er, når alt kjem til…
-
Nokre få ord om Dubai
Written by
Burj al Arab sett frå souqen Madinat Jumeirah. Ikkje tvil om at det er eit storflott bygg, men er det ein turistattraksjon dersom ein ikkje bur der? Etter å ha forbrote meg mot Sabbaten på fredag og arbeidd mesteparten av dagen tok eg og kolleaa Mike oss fri laurdag for å ta ein kikk på…