Frå reiser & turar
Når eg sit i ro kjem tankane til meg, når eg er i rørsle kjem eg til tankane.
-
-
Smør på flesk eller mindreverdskompleks?
Written by
Opp gjennom åra har eg registrert at skilting er noko som kan medføre mykje harme og som kan legge grunnlaget for godt og langt fiendskap grunneigarar og vegmyndigheiter imellom. I Ålhus i Jølster kan ingen skulde Statens Vegvesen for å ha vore for restriktive med omsyn til skilting. Rett framfor ein heil vegg dekt med…
-
Fort – må rekke ferje(kaia)
Written by
Ei ferjekai er ein fundamentalt meiningslaus stad der all glede svinn frå meg som dogg for sola i det eg ser bommen gå ned og ferja legge frå. Statistisk sett skulle ein tru at sjansen for akkurat å nå ei ferje er like stor som sjansen for å akkurat IKKJE nå ei ferje men her…
-
Oppgradering av flysete posthumt!
Written by
Ei kvinne på veg frå Delhi til London døydde under flyturen. Flyselskapet, British Airways, var ikkje budde på denne eventualiteten og visste ikkje anna råd enn å oppgradere henne til businessklasse. Saka lyder slik: The body of a woman in her seventies, who died after the plane left Delhi for Heathrow, was carried by cabin…
-
Om å reise med buss
Written by
Gjekk gjennom Galleri Oslo i dag, hovudstaden sin største busstasjonen. Har sjeldan sett så mange bistre menneske på ein stad som eg kan minnast. Det er ganske tarveleg å reise med buss. Eg hadde gløymt dette då det er mange år sidan eg nytta denne forma for transport. Eg trur det er tre år sidan…
-
Syden var ikkje så gale likevel!
Written by
Har for fyrste gong vore i ‘Syden’. Nærare bestemt på Tenerife, ei av dei største øyane i Makronesia. Det var ei openberring. Eg er ein av dei som alltid har smykka meg med aldri å ha gjeve etter for masseturisten i meg og reist til det vulgære, ekle, turistifiserte ‘Syden’. No har eg altså vore…
-
For andre gong på seks månader
Written by
…står eg og Sture faste ved Rjukandefoss ovanfor Hemsedal. Venstre framhjulet har låst seg med bremsa inne! Det er 20 minus og likevel er bremsene raudglødande! Kvifor skal det vere slik? Det er vanskeleg å forstå!?
-
Star Tour Ekstraklasse
Written by
Charteoperatøren Star Tour har innført ein ny seteklasse på sine charterflygingar: ekstraklasse. Her skal golfrutete pensjonistar finne ei trygg hamn, lengst mogleg vekk frå skrålande ungar. Personleg kunne eg tenkje meg eit forbod mot låge menneske ved naudutgongen, eller i alle fall rett framom meg. Låge menneske forstår ikkje at knappen for å senke seteryggen…
-
Rapport: Fjellfiske 2006
Written by
I selskap med frendane Harald på Jensbakken og Håvard i Gunnja gjekk årets fisketur av stabelen frå 4. til 6. August. Etter fleire år med ambisiøse, kostnadsdrivande og sørgjeleg fiskelause turmål utanlands gjekk turen denne gongent til Granekupa. Anders i Kvia var ikkje med og vi konkluderte som George Bush at dei som ikkje er…