Frå reiser & turar

Når eg sit i ro kjem tankane til meg, når eg er i rørsle kjem eg til tankane.

  • Med sykkel og kabelvogn…

    Written by

    Inntil i går kveld hadde eg eit grunnleggande positivt syn på kabelbanene som San Francisco er så kjend for gjennom talrike reiseprogram og spelefilmar. Vognene tek seg fram ved at dei hektar seg fast på eit “eviggåande” kabelsystem som er bygd inn i metallskinner i vegen. Det er heller ikkje til å nekte for at…

  • San Francisco så langt

    Written by

    Idar og Hooters-servitrisa vår, Laura. San Francisco: Å gjere ingenting over lengre tid er krevjande. Etter ein halv dag med intens “ingentinggjering” la difor Idar og eg turen innom den amerikanske nasjonalinstitusjonen Hooters for å få oss ein styrketår. Som ein konsekvens av den gode tonen mellom Idar og salskreftene vart det innimellom 14 forbausande…

  • Langedalen midt i oktober

    Written by

    Midt på åttitalet var det lite folk å finne på Fitjestøylen anna enn helgar med godt og lageleg vér midt på sommaren. Eg og nokre kameratar, som likte å gå i fjellet, byrja i den tida å gå på støylen ofte. I tidsrommet frå mai til oktober var vi der rett som det var heilt…

  • Haust på Granekupa

    Written by

    ,

    Det er ikkje eit skikkeleg år om eg ikkje har vore inn på Fagredalsreset og sett utover Fagredalen, Blådalen og Måsedalen. Då frende Ove var på (relativt) sørlege breddegrader for nokre dagar, nytta vi høvet til å ta ein tur på Granekupa for å fiske – og meditere over nok eit år utan at vi…

  • På sauepatrulje i Fitjefjella (bilete)

    Written by

    ,

    Var med frende Anders på “sauepatrulje” i Fitjefjella i tjukk skodde no på Søndag. Hadde med fiskestang og fotoapparat, resultat: 0 fisk og 50+ bilete. Rusa på fiskelukka i Måsedalen to dagar før let eg likevel ikkje dette gå inn på meg. Sjå album her.

  • På fisketur i Måsedalen

    Written by

    ,

    Eg og frende Ove Drageset avla vår årlege vitjing i Måsedalen denne helga og ein biletserie frå turen er lagt ut i galleriet. Vepna med både fiskekort og lovleg leigd båt fiska vi for fyrste gong med (skikkeleg) reint samvit i Måsedalen. Det kjendest underleg – men gav godt resultat: 70 fiskar på tre og…

  • Håholmen etter solnedgang

    Written by

    Bilete teke ein sein kveldstime fredag 3. August 2007 på Håholmen ved Averøya.

  • Mintgrønt og rosa!

    Written by

    , ,

    Pastellfargar – alt er liksom sagt allereie – eg veit ikkje kva meir eg kan leggje til!

  • Trollstigen

    Written by

    Desse bileta er tekne på veg frå Åndalsnes til Stranda via Trollstigen 10% helling betyr 10 meter nedstigning pr 100 meter fram. Det er bratt det! Vegen er tettpakka med turisttrafikk – mange bubilar og tettpakka stasjonsvogner. Her ein trafikkork på toppen av trollstigen. For dei som føretrekkjer å spasere er det ein sti med…

  • Eggenipa: eit norsk Matterhorn

    Written by

    Bak eit lett dislagt Bergheimsvatn ligg fjellet Eggenipa som er det næraste vi kjem Sveitsiske Matterhorn mellom fjella i Gloppen. Tok biletet når eg køyrde forbi i dag tidleg – på veg frå Sandane til Sogndal.