Midt på åttitalet var det lite folk å finne på Fitjestøylen anna enn helgar med godt og lageleg vér midt på sommaren. Eg og nokre kameratar, som likte å gå i fjellet, byrja i den tida å gå på støylen ofte. I tidsrommet frå mai til oktober var vi der rett som det var heilt åleine.

No har vi alle budd vekke nokre år – og Langedalen ligg ikkje lenger like lageleg til. Men “nye”, om ikkje yngre, krefter har teke vår plass og syter for at det er folk på støylen store delar av sesongen.

Denne helga tok eg turen inn, halvveges i trua på at eg kom til å verte åleine på støylen sidan det var både regntungt, vindfylt – og midt i oktober. Her tok eg feil. Eg kom til ein støyl med folk i både “Friarsalongen”, “Sandeselet” og “Sjøkringlehytta”.

Langedalen er alltid fin om ein er åleine – men det er ikkje råd å nekte for at nærveret av trivelege buktarar som Bergfrid, Ole Johs, Jarle og Jon Otto gjer staden enno kjekkare å vitje!

Flott helg på Langedalen, som vanleg!