Godt Nytt År 2014/15

Vyrde frendar, gamle som nye,

Det er symptomatisk for 2014 at nyttårshelsinga mi kjem tre dagar på overtid. Det har vore eitt utmerkt år, likevel er det ei klar moglegheit for at 2015 kan kome til å bli enno betre.

Det ligg ikkje i konsulenten sin natur å ta klare standpunkt, men utan reservasjonar, ansvarsfråskriving eller “småstigla” fotnotar av noko slag, ynskjer eg deg hermed eitt år fylt av gode, særeigne opplevingar; eitt år som vil gje deg framgong i alt du set deg føre – og, sist men ikkje minst, eitt år til med toleleg god helse.

Eg nærar også eitt ynskje om at 2015 vil bere med seg møteplassar, vere dei seg sosiale eller yrkesretta, og at det nye året må verta eitt betre, rikare og meir interessant som følgje av dette.

Regnboge i måneskin: Dette årets nyttårshelsing er eitt foto av Foz do Iguaçu, teke ei sein natt i Desember. For kloke menneske er dette naturlegvis ikkje noko nytt, men det hadde aldri slege meg at regnbogen trivst like godt i måneskin som i solljos, Dette er eitt av mange gode minne frå eitt 2014 som no er historie.

Regnboge i månelys: Dette årets nyttårshelsing er eitt foto av Foz do Iguaçu, teke ei sein natt i Desember. For kloke menneske er det naturlegvis ingenting oppsiktsvekkande over dette, men det hadde aldri slege meg at regnbogen trivst like godt i måneskin som i solljos, Dette er eitt av mange gode minne frå eitt 2014 som no er historie.

Lukkeleg 2015 alle saman!

SRB signature 250px