Frå aviser & eter

Like sikkert som det er vinter, vår, sommar eller haust er det stengt i Fatlaberget Kvar dag gong eg køyrer gjennom her Fatlaberget møter eg folk som ligg framover rattet med vidopne, redde auge medan dei fordelar blikket mellom fjellsida og vegbana i eit 70/30 tilhøve. Å køyre bil er noko av det farlegaste ein […]
Frende Idar informerte meg idag om ein annonse han hadde sett i lokalavisa: Kurs i Klarsyn i Åndenes hus i Høyanger. Det er eigentleg ikkje så mykje å leggje til. Åndenes Hus i Høyanger arrangerer Kurs i klarsyn … Kurs for å utvikle sitt eget klarsyn og teknikkene vi bruker for å få dette til. […]
I Kenya var ein Nordmann blitt stogga med 117 kredittkort. Då dette ikkje er rekna for å vere heilt vanleg vart han halden att! Kan ikkje sjå at det er noko umogleg ved det? Det skulle vel svare bra til alle dei gongene eg har blitt tilbydd diverse u-unnværlege betalingsmiddel pr post, bensinstasjonar og flyplasskampanjar. […]
Charteoperatøren Star Tour har innført ein ny seteklasse på sine charterflygingar: ekstraklasse. Her skal golfrutete pensjonistar finne ei trygg hamn, lengst mogleg vekk frå skrålande ungar. Personleg kunne eg tenkje meg eit forbod mot låge menneske ved naudutgongen, eller i alle fall rett framom meg. Låge menneske forstår ikkje at knappen for å senke seteryggen […]
I dag kunne eg lese om ein Italienar som søkte den Katolske Kyrkja om å annulere ekteskapet han hadde inngått med ei kvinne som ikkje ville slutte å røyke trass lovnader om ekting og æring i både gode og vonde dagar. I Finland har dei ein skilsmisserate pr 100 ekteskap på godt over 50. (51,2 […]
I dag kan ein lese i avisene at Flora er den einaste kommunen i landet som har ein plan for å handtere klimaendringar. Dette fylte meg med ei uendeleg kjensle av ro og tryggleik. Som etnisk Gloppar veit eg no at det berre er å setje meg i bilen og køyre i halvannan time så […]
Mistenkjeleg koffert Eg sit no i eit alt for lite fly på Gardermoen og ventar. Eg vil heim. Eg har tilbrakt ein heil dag i ymse tryggingskontrollar der eg har pakka opp og ned PCar, teke av og på belte og gjort høfleg som eg har blitt oppmoda om gong etter gong. Tre gonger. Likevel […]
Statsvitar Erling Dokk Holm identifiserte i dag det Sogndal kommune har slite med i lang tid. Sjølvaste nøkkelen til å oppnå ei positiv utvikling her. Det som manglar her er fleire homofile, fråskilde og innvandrarar. Det Dokk Holm er bekymra for er at det ikkje er rom for menneske som ikkje fell innunder A4-definisjonen i […]
It is often said, without erring, that the worst web sites belong to web designers. While Avinet, my company, is not into web design it is close enough for the old web site to have brought considerable shame to the name. It has been about a year and a half since we stopped updating our […]
Er det verkeleg slik at ein flyavgang ikkje er kansellert når flyet ikkje landar på flyplassen du skal reise frå? Aftenposten tykkjer visst det! I nettutgåva av Aftenposten 15.01.2007 kunne ein lese følgjande: Bare to flyginger stanset av uværet Mandagens uvær førte ikke til store problemer for flyreisende. Widerøe måtte innstille to flyginger, mens de […]