Like sikkert som det er vinter, vår, sommar eller haust er det stengt i Fatlaberget

Kvar dag gong eg køyrer gjennom her Fatlaberget møter eg folk som ligg framover rattet med vidopne, redde auge medan dei fordelar blikket mellom fjellsida og vegbana i eit 70/30 tilhøve.

Å køyre bil er noko av det farlegaste ein gjer. Truleg vert det ikkje betre av å ta merksemda bort frå vegen.

No er merksemda mi svært fokusert på vegen. Her skjer det nemleg absolutt ingenting. Eg er i kø. Eg veit ikkje kor lenge. Eg sit. Eg ventar. Eg er.