Charteoperatøren Star Tour har innført ein ny seteklasse på sine charterflygingar: ekstraklasse. Her skal golfrutete pensjonistar finne ei trygg hamn, lengst mogleg vekk frå skrålande ungar.

Personleg kunne eg tenkje meg eit forbod mot låge menneske ved naudutgongen, eller i alle fall rett framom meg.

Låge menneske forstår ikkje at knappen for å senke seteryggen bakover ikkje er meint å brukast. Dei forstår heller ikkje at det ikkje er noko mekanisk feil med stolen som gjer til at dei ikkj lukkast med dette. Mest av alt skjønar dei ikkje at det er knea mine dei kjenner i korsryggen.

Kom med ein slik klasse Star Tour, så kjem kanskje eg også!