Petra, Wadi Rum, Daudehavet og meir (Jordan) Februar 2009

Kven: Meg sjølv

Kva: Jordan på tre dagar (i minste laget)

Kvar: Petra, Wadi Rum, Karak, Daudehavet, Nebofjellet

Når: 12-15. Februar 2009

IMG_0942
“The Monostary” (klosteret), eitt av dei mest merkverdige konstruksjonane i Petra

Som vanen er byrja turen med eit diplomatisk samanbrot mellom meg og eitt flyselskap – denne gongen Eithad som eg elles har skrive og meint mykje fint om – men som på denne dagen synte at dei kan hevde seg mellom dei største og mest veletablerte flyselskapa slik som Air France, KLM og SAS når det kjem til manglande forståing av kva dei driv med.

Kort sagt: ved ankomst flyplassen vart eg avvist ettersom eg møtte opp 59 minutt og ikkje ein time før avgong. Eitt par som skulle vere med same flyet stod framleis i innsjekkinga og dette var såleis berre for å vere tverre.

Ved klage til Etihad sitt kontor fekk eg beskjed om at dei ikkje berre snytte meg for utreisa – men likesågoft kansellerte heimturen også: ettersom utreisa hadde vore ein “no-show”. Eg treiv telefonrøyret frå den forskremde bilettkontorassistenten og forklarte akkurat kva eg meinte om han og det forbistra selskapet hans før eg bestillte ein ny billett hjå Royal Jordanian.

Royal Jordanian på si side bad meg vente til klokka halv seks før og så hente billetten på deira kontor på Abu Dhabi lufthamn. Dette kontoret synte seg ved nærare ettersyn å vere nedlagt og det var berre med eitt naudskrik at eg ikkje vart snytt for den andre flygninga på same strekning denne dagen. Sju timar seinare enn planlagt var eg i alle fall på veg til Jordan, Amman, Petra og alt det som eg hadde lese om i lang tid.

***

Som regel når ein leiger bil får ein oppgjeve at det køyretyet ein kan gjere seg forhåpningar om er ein Toyota Land Cruiser “eller liknande”; ein Ford Mondeo “eller liknande”; ein Volkswagen Golf “eller liknande” og så vidare. Utan unntak er “eller liknande” ein god del dårlegare enn samanlikningsgrunnlaget – likskapen stansar ofte ved talet hjul, styringsmekanisme og type drivstoff.

Eg hadde denne gongen skrudd forventningane ned til eitt svært avgrensa nivå ettersom det eg hadde bestillt var ein Toyora Corolla “eller liknande” – noko som synte seg å vere veslebroren til ein utbrukt Opel Vectra.

Bilen vart overlevert av ein kar som hadde tilbrakt dei same sju timane som eg nett hadde nytta på Abu Dhabi lufthamn på Queen Ahalia International i Amman. Det er ikkje så alt for mykje å ta seg til med på denne lufthamna og karen var i eitt etter måten slett lune.

Dette endra seg dramatisk då eg kom i skade for å gje han nærare 200 kroner i tips før eg hadde lært meg kva ein Jordansk Dinar eigentleg er verd.

Sju timar forsinkelse var ikkje ein del av den opprinnelege planen min og det bilturen frå Amman til Wadi Musa, landsbyen ved inngangen til Petra, vart avlagd i stummande mørkre.

Eg hadde ikkje noko kart og ikkje visste eg veien heller – men eg hadde vore inne på Google Earth for å merkje av nokre viktige kryss sørover platået på GPSen min – dette kom vel med ettersom skilting heller ikkje i Jordan virka til å vere den mest spesialiserte disiplinen.

Klokka var nærare to om natta før eg kom from. Hotellet eg hadde booka hadde ikkje så alt for oppløftane anmeldingar på Booking.com:

“…The only redeeming feature of this hotel is its location…”

Review på Booking.com

“Location” var imidlertid nok for meg.

Februar er ikkje høgsesong for turisme i Wadi Musa og portieren vart meir oppøst over synet av meg enn det som var naturleg om hotellet hadde hatt nok gjester til å betale løna hans.

Han visste ikkje kva godt han skulle gjere for å tekkjast gjesten sin og kom attende til rommet mitt tre gonger med ulike remediar for å gjere opphaldet mitt betre. Varmeovnen forstod eg. Hårfønaren gjorde meg meir usikker. Siste gongen han banka på døra før eg gjekk til sengs ville han diskutere OL på Lillehammer.

Til frukost dagen etter fekk eg prova at eg hadde rett med tanke på kor mange gjester det var på hotellet. I ein sal som eg vil anslå å vere meint for omlag 150 menneske var det dekka to stusselege bord eitt til meg og eitt til to eldre damer.

Frukostbuffeten bestod av ei svær skål med timian, ei like svær skål med kremost og så mykje arabisk brød som ein kunne ete. Til dette vart det servert krutsterk kaffi, unaturleg søt fruktjuice – og vatn. Ikkje noko som kjem til å gå inn i verdshistoria.

Det kan neppe vere litterært nybrotsarbeid å plukke fram adjektiv som “stygt” når ein snakkar om Wadi Musa. Staden har alt som skal til for å vere fin – men overkonstruksjon og farge- og designblinde arkitektar har sett sine spor. Dei har imidlertid eitt breitt utval av små restaurantar og hotell i alle klassar frå det verst tenkjelege til det dyrast tenkjelege.

Petra er naturlegvis trekkplasteret for folk som vitjar Wadi Musa. Det er få stadar eg har lese så mykje om før eg vitja staden – og som likevel har gjeve eit så storslagent inntrykk som Petra.

Inngangen til Petra går gjennom ei kilometerlang fjellkløft, Siqen, som på det smalaste ikkje er meir enn to-tre meter breid med fleire hundre meter høge fjellsider. Nett når det ser ut som om kløfta endar i tverre fjellet opnar den seg og ein vert møtt av eitt syn som inga guidebok, eller foto kan bu ein på: “the Treasury”, skattekammeret, den største av dei uthoggne strukturane i Petra.

Eg kom i prat med ein kommersiell beduin medan eg stod og beundra ingeniørkunsten til Nabaetarane. Han overtalte meg til å leige kamelen hans. Kamelen såg langt frå like entusiastisk ut som beduinen med tanke på denne forretningstransaksjonen – men hadde ikkje stemmerett.

IMG_0865-1
Ørkenskipsforlis: Det knaka stygt i kamelen min når den gjekk.

Petra er stort og tildels ulendt. Eg gjekk meir enn 20 km denne dagen og var godt møyr i beina når eg kom attende til det folketome hotellet i Wadi Musa om kvelden.

***

Neste dag bar turen vidare til Wadi Rum, ein stad der T.E. Lawrence nytta ein god del tid under felttoget mot Tyrkarane under fyrste verdskrigen.

Eg har aldri blitt stansa så ofte av politiet nokon gong som i Jordan. Kanskje hadde den bilen min ei stygg slagside når eg sat inni? Kanskje var det proporsjonen mellom bil- og førarstorleiken som gjorde inntrykk?

Dei ville ikkje noko. Dei ville berre høyre kvar eg var ifrå, få stadfesta at eg likte Jordan – og spandere te på meg. Dette gjentok seg tre gonger på vegen sørover.

Wadi Rum var ein stad heilt utanom det vanlege den også. Sanden, fjella og himmelen konkurrerte om kven som kunne gje dei sterkaste fargane og eitt eventyrlandskap av raudt, brunt, gult og blått breidde seg ikring meg på alle kantar.

På besøkssenteret ved innkøyrsla til Wadi Rum støytte eg på to Canadiarar, Laura og Matt, som var på jorda-rundt-tur og som var på jakt etter nokon å dele safariutgifter med. Dei hadde forhandla fram ein avtale med ein motorisert beduin ved namn Ahmed som i sin skamfarne men trufaste Landcruiser køyrde oss ikring til dei ulike attraksjonane i Wadi Rum brorparten av dagen.

Seint på ettermiddagen bestemte vi oss for å gå ein tur til fjellformasjonen “the Seven Pillars of Wisdom”. For å kome til foten av dette fjellet måtte ein krysse ei sandslette på nær to kilometer.

Fyllt av overmot etter ein heil dag med sandkøyring (med erfaren sjåfør og firehjulstrekkar) gav eg meg i kast med sandsletta med min eitt-og-eitt-halvt-hjulsdrivne Opel Vectra.

Etter omlag ein kilometer var det klart at vi ikkje kom til å få bilen ut av sanden på eiga hand – så vi gjekk likesågodt på fjelltur – så fekk problemet vente til vi kom attende, noko problemet gjorde.

Det var ikkje noko anna å gjere enn å bite i den sure daddelen, luffe attende til hovudvegen og tigge hjelp frå forbipasserande.

Det tok ikkje så lang tid før bilen var attende på vegen men det var ikkje til å stikke under ein stol at det var fordømmelse i blikket på karane som hjelpte meg.

Etter at 20 dinarar hadde skift eigar var dei imidlertid alle samde om at dette kunne ha hendt med kven som helst – og at eg måtte ha vore ein meisterleg sjåfør som kom så langt ut i sanden med ein slik bil.

Alle var nøgde.

hdr_wadi_rum01
Landskap frå Wadi Rum, nær “the Seven Pillars of Wisdom”, ein fjellformasjon som anten gav namn til boka til T.E. Lawrence (av Arabia) eller omvendt.

Det vart seint. Eg åt middag med Laura og Matt i Wadi Rum før eg vende panseret nordover att. “Power-turisme” gjev ikkje rom for lange kvilepausar og eg hadde sett meg ut korsfararbyen Karak på austsida av Daudehavet som endestasjon for natta.

Det var etter ti om kvelden og det var stort sett berre trailerar som traffikerte hovudvegen mot Amman. Eg hadde tre timar med køyring framom meg og ein heil dag med safari bak meg. Nokre te- og kaffikoppar i selskap med politiet gjorde godt – men dette var openbart ikkje noko alle traffikantane nytte godt av.

Kring midnatt kom eg bakom ein lastebil med ein lastebil på planet. Dette var utan tvil over lasteevna til køyredoningen og gneistane stod bakom bilen for kvar hump i vegbana. Lasta var heller ikkje spesielt godt sikra – og eg var fleire gonger sikker på at bilen på planet kom til å velte – og ta verten med seg. På ei lang bein strekke torde eg til sist å køyre forbi.

Eg hadde ikkje booka hotell i Karak. Eg hadde lese i Lonely Planet at det skulle finnast nokre 24 timars etablissement og stolte på at eg måtte lukkast med å finne eitt av desse. Og rett nok, i det eg var i ferd med å gje opp kom eg frampå “the Qairwan Hotel” ei overnattingsverksemd med det fengjande slagordet “We don’t say more – you have to come and see”. Det kan kanskje vere like greitt at dei ikkje sa noko – og at eg var på denne turen åleine.

***

Karak var den austlegaste av byane korsfararane tok seg bryet med å befeste. Baldwin av Flandern sette opp ei svær borg her, som framleis er å sjå i dag.

IMG_1403
Ein forretningsmann som opererte på Karak Castle sleppte meg mot eit ikkje-refunderbart depositum på fem dinarar ned ei mørk trapp til nokre kvelv under festninga. Ei svak kjensle av at dette ikkje var tillate og at eg kunne kome til å tilbringe svært lang tid her nede fekk meg raskt utatt i ljoset.

Frå Karak køyrde eg ned til Daudehavet. Platået på austsida av Daudehavet har ei høgd på omlag 1000 m o.h. – Daudehavet ligg på 400 m u.h. altså ein høgdeforskjell på mest 1500 meter.

Etter tradisjonen skal det ha vore i dette området byane Sodoma og Gomorrah låg.

Eg hadde alltid førestelt meg at dette at ein flyt så godt i Daudehavet at ein utan problem kan lese ei bok eller ei avis medan ein “sit” i vatnet måtte vere ei grov overdriving.

For å prove dette kjøpte eg meg ei svær avis, slik Aftenposten brukte å vere, og la meg på flot. Til mi stor undring var det ikkje det minste vanskeleg å lese avisa utan å bløyte den. Det som derimot var vanskeleg – og som til sist gjorde kål på avisa – var å kome meg i land att etter endt symjing/lesing. Å få beina under seg i denne saltrøra var lettare sagt enn gjort.

IMG_1045-1
Daudehavet: Bleike turistar les avisa medan dei flyt i saltvatnet

Siste staden eg hadde blenkt ut for denne vitjinga til Jordan var Mount Nebo, fjellet der Moses fyrst såg det lova landet. Synet mitt på kor skuffa Moses må ha vore over meldinga om at han ikkje fekk kome inn i det lova landet endra seg nok litt etter å ha vitja Mount Nebo. Det var ikkje allverda å sjå herifrå.

***

Ved retur til Queen Ahlia International seint på kvelden såg eg at Stieg Larsson ruva høgst på lista over bestseljarar. Etter dei eksotiske opplevingane dei tre føregåande dagane var dette ei rift i eitt elles fortreffeleg Jordan som eg skal attende til fleire gonger.