Grensekrenking i eksotiske omgjevnader

Om vi skulle verte tekne for å ha trengt oss inn på ulovleg grunn tenkte vi å seie at vi berre var dumme turistar, noko som knappast ville vere å lyge. Jebel Hafeet, Al Ain, UAE. (Foto: Mike Cheremshynskyi)

– “That will probably be a little difficult for you”, sa den spinkle, vesle indaren i det eg klatra over metallgjerdet som stengde vegen til den verkelege toppen av Jebel Hafeet, omlag 150 meter over parkeringsplassen der dei fleste seier seg nøgde. Han refererte både til sjølve prosessen med å ta seg over gjerdet og det faktum at motbakken framfor meg ikkje såg ut til å harmonere med det generøse magemålet eg la for dagen i den heller trange t-skjorta mi.

Mike og Tor Gunnar i fin driv på veg mot toppen av Jebel Hafeet

Vi var usikre på kva gjerdet betydde. På den eine sida kunne det ganske enkelt vere eit tiltak for å førebyggje sivile søksmål frå spesielt talentlause amerikanske turistar; på den andre sida kunne det naturlegvis også vere ein del av grensa mellom Oman og UAE. I siste tilfellet ville vi vere betydeleg dårlegare stillte enn i det fyrste om vi skulle bli “fakka”, men som etniske nordmenn (og ukrainarar) levna ikkje situasjonen oss noko reellt val: vi måtte til toppen.

Meg sjølv på toppen av Jebel Hafeet, med sine vel 1 100 moh det høgste punktet i Abu Dhabi. Tor Gunnar og Mike meinte det kunne vere lurt å ikkje gjere seg alt for synleg med tanke på at vi var på ulovleg område, slikt kunne imidlertid ikkje eg late meg stanse av. (Foto: Mike Cheremshynskyi)