To måtar å tilbakevise ein idé på

Dersom nokon lanserer ein idé du ikkje likar kan du avvise den med eitt av dei følgjande argumenta:

  • Dette har vore gjort/tenkt/sagt før
  • Dette har ikkje vore gjort/tenkt/sagt før

Desse to enkle argumenta dekkar absolutt alt og er difor populære når folk som ikkje har take seg bryet med å setje seg inn i ei problemstilling likevel skal kommentere den. Berre fylg med i media og offentleg debatt.