FlexiFront: dersom djevelen barberar seg

Bilete av FlexiFrontpakken som kjem til meg i posten kvar månad!Ein kveld eg var i retteleg godt humør hausten 2006 svara eg mot betre vitande når hustelefonen fasttelefonen min ringde. Det plar eg aldri gjere ettersom all erfaring tilseier at det er seljarar som ringjer. Men denne kvelden braut eg altså med leveregelen min grunna uvanleg ljos sinnsstemning.

I den andre enden var det ein pågåande kar som vil løyse barberingsvanskane mine for resten av livet. Eg forklarte han at dette ikkje var eit problem som stod høgt på prioriteringslista mi nett no men takka for interessa og føreslo eit par dårleg barberte kameratar han kunne prøve å ringje til.

Men han gav seg ikkje. Eg skulle få tilsendt, heilt gratis, ein barberhøvel og ei rekkje barberblad frå FlexiFront – som tilliks med Ruud & Rye før dei no skulle ta opp kampen mot Gillette. “Same, same but different”, tenkte eg.

Til slutt sa eg at han kunne sende kva han ville så sant eg slapp å ha noko meir med han å gjere. Då sa han at han berre måtte ha litt informasjon fyrst. Då takka eg høfleg (tykte eg sjølv då) for samtalen og ynskte han ein god kveld vidare. Med dette tenkte eg at eg og FlexiFront var ferdige med forretningssambandet vårt. Slik skulle det ikkje bli.

Nokre veker etterpå dumpa det ned i postkassen min noko svineri i ei lita flat pappøskje. FlexiFront stod det på øskja og det var merkt av for at innhaldet var undertøy. “Pokker ta Sture ” tenkte eg (Sture er ein kollega som har lang tradisjon for å bestille meiningslause ting til meg på Internett: frå fadderbarn via bleier til latexhanskar).

Etter nokre dagar tok eg mot til meg og opna øskja. Der låg det ein svært billeg utsjåande barberhøvel og nokre barberblad som ved fyrste augekast minnte veldig om gamle Gilletteblad. (Dette synte seg også å stemme når eg seinare fann nokre gamle Gilletteblad som passa fint inn i denne høvelen). Sture vart altså frikjend denne gongen.

Eg var byrja å gå tom for barberblad under tida og såg meg til slutt nøydd til å prøve FlexiFront. Det gjekk ikkje så bra. Eg pådrog meg ikkje mindre enn tre større kutt under barberinga og blødde friskt på den ljose skjortekragen min.

Omlag samstundes byrja kollega Per Torodd å dukke opp på arbeid med svære kutt i andletet. Det synte seg snart at også han hadde gått i FlexiFront-fella.

Det er ikkje nokon moral i denne forteljinga, men vi kan dra likevel lærdom av feilskjæret mitt (bokstavleg tala)! IKKJE KJØP OG FRAMFOR ALT, IKKJE BRUK FLEXIFRONT (TIL BARBERINGSFØREMÅL)!

Oppdatering 04.09.2007:
I dag mottok eg eit inkassovarsel for ein ikkje-betalt FlexiFront-faktura. Vart forbanna og sende denne faksen til ymse mottakarar:

Oppseiing av IKKJE BESTILT/IKKJE-AKSEPTERT FlexiFront abonnement

Eg vil med dette kansellere alle framtidige sendingar frå FlexiFront.

Om de går attende og sjekkar lydbandopptaka dykkar vil de finne at eg aldri aksepterte då de fyrst kontakta meg heller. Har likevel betalt fakturaene dykkar då det var lettare enn å kome i kontakt med dykk.

No fekk eg til alt overmål eit inkassovarsel og er lut lei. Barberhøvlane dykkar er forøvrig heilt ubrukelege.

Mine detaljar er:

Stein Runar Bergheim
Dalavegen 32
6856 SOGNDAL

Fakturanummer på sist faktura var 32810117410

Hadde de hatt noko som helst slag skam i livet hadde de sett til at mine kostnader med hadde blitt refunderte. Det har de vel imidlertid ikkje.

Kopi: ProVoice, Forbrukerrådet, TV2 hjelper deg