Year: 2007

  • Kurs i klarsyn

    ,

    Frende Idar informerte meg idag om ein annonse han hadde sett i lokalavisa: Kurs i Klarsyn i Åndenes hus i Høyanger. Det er eigentleg ikkje så mykje å leggje til. Åndenes Hus i Høyanger arrangerer Kurs i klarsyn … Kurs for å utvikle sitt eget klarsyn og teknikkene vi bruker for å få dette til.…

  • Ringdrotten

    Kom heim i går kveld etter ei veke på vegen og fann nynorskutgåva av “The Lord of the Rings” liggjande pent innpakka på kjøkenbordet. Til no har det berre funnest bokmålsomsetjingar av dette verket på Norsk. Eg må medgje at piggane kom ut med ein gong eg såg tittelen, Ringdrotten, men etter å ha bladd…

  • Om å reise med buss

    ,

    Gjekk gjennom Galleri Oslo i dag, hovudstaden sin største busstasjonen. Har sjeldan sett så mange bistre menneske på ein stad som eg kan minnast. Det er ganske tarveleg å reise med buss. Eg hadde gløymt dette då det er mange år sidan eg nytta denne forma for transport. Eg trur det er tre år sidan…

  • Syden var ikkje så gale likevel!

    ,

    Har for fyrste gong vore i ‘Syden’. Nærare bestemt på Tenerife, ei av dei største øyane i Makronesia. Det var ei openberring. Eg er ein av dei som alltid har smykka meg med aldri å ha gjeve etter for masseturisten i meg og reist til det vulgære, ekle, turistifiserte ‘Syden’. No har eg altså vore…

  • Defekt bremsekalipper

    I 32 år har eg lukkast med å gå ikring utan å vite kva ein kalipper er for noko. Har knapt høyrt ordet, men sidan den 9. februar har eg knapt trefft eit menneske som ikkje talar med stor entusiasme om kalipperar! Eg veit enno ikkje heilt kva ein kalipper er men eg har fått…

  • For andre gong på seks månader

    ,

    …står eg og Sture faste ved Rjukandefoss ovanfor Hemsedal. Venstre framhjulet har låst seg med bremsa inne! Det er 20 minus og likevel er bremsene raudglødande! Kvifor skal det vere slik? Det er vanskeleg å forstå!?

  • Star Tour Ekstraklasse

    ,

    Charteoperatøren Star Tour har innført ein ny seteklasse på sine charterflygingar: ekstraklasse. Her skal golfrutete pensjonistar finne ei trygg hamn, lengst mogleg vekk frå skrålande ungar. Personleg kunne eg tenkje meg eit forbod mot låge menneske ved naudutgongen, eller i alle fall rett framom meg. Låge menneske forstår ikkje at knappen for å senke seteryggen…

  • 117 kredittkort

    ,

    I Kenya var ein Nordmann blitt stogga med 117 kredittkort. Då dette ikkje er rekna for å vere heilt vanleg vart han halden att! Kan ikkje sjå at det er noko umogleg ved det? Det skulle vel svare bra til alle dei gongene eg har blitt tilbydd diverse u-unnværlege betalingsmiddel pr post, bensinstasjonar og flyplasskampanjar.…

  • Open Source and Quality

    Having been working with ICT for the better part of 11 years now I feel I am at liberty to have a say in the debate on Open Source vs Commercial Software. Here goes… The main point I would like to make is not one that will place me in this or that camp as…

  • Kulturforskjellar i EU

    I dag kunne eg lese om ein Italienar som søkte den Katolske Kyrkja om å annulere ekteskapet han hadde inngått med ei kvinne som ikkje ville slutte å røyke trass lovnader om ekting og æring i både gode og vonde dagar. I Finland har dei ein skilsmisserate pr 100 ekteskap på godt over 50. (51,2…