I butikkane til «Muscat Duty Free» er det ikkje berre brennevin som står på Tax-Free-menyen. Her kan du velje mellom tre ulike merke tørrmjølk i pakningar på 2 til 5 kg. Mellom andre eksotiske varer finn vi «gul» saft og vaskepulver. Som småbrukarson frå eitt nedlagt mjølkebruk er det kjekt å sjå at også mjølkeprodukt […]
Sidan 2009, då eg for fyrste gong sette meg oppå ein kamel, har eg leika med tanken om å dra på ein fleirdagstur i selskap med dette noko underlege men trivelege dyret. httpvh://www.youtube.com/watch?v=s3_BhFKaLm4 Førre helg, tre år og fire smertefulle kameltimar seinare, vakla eg bort frå kamelen min fast bestemt på aldri å utsetje meg […]
Kvil i fred kjære ven Minne eg ikkje visste at eg hadde strøymer på: hyggjelege kveldar; turar til fjell og fjerne strender; planar vi la – men ikkje gjennomførte. Du utretta meir på dine 37 år enn eg – meir enn mange etter eitt fullevd liv Verda står ikkje tom etter deg. Sorga vi kjenner […]
Januar 2012: Skal ein tru internasjonale media finst det ikkje den Iranar som ikkje anten skrur saman bomber, anrikar uranium, finansierar terrorisme – eller på anna vis bur seg til krig; fyrst og fremst mot Israel, dernest mot grannelaget i Midt-Austen og sist, men ikkje minst, mot utvalde kjenningar i Europa og USA. Dette gjer […]
– “Good morning sir, where to?”, spurde ein framoverlut sudanesar, medan vi kjempa ein kamp om kven som skulle lempe kofferten min inn i bagasjerommet. Som Gloppar er eg ikkje så komfortabel med folk som ynskjer å hjelpe meg med å bere eller flytte ting. – “To the airport, please”, mumla eg søvndrukken. Det er […]
Som “ung mann” på Kleiva var ikkje organisasjonslivet eit spesielt mangfaldig landskap å navigere i. Den fyrste sosiale rita ein kunne verte initiert i som ung i Mardal Krins på byrjinga av ‘80-talet var barneforeininga. Dette var eitt langtrakt intermezzo frå barneforeiningsbasar til barneforeiningsbasar der dei unge under tilsyn frå fromme samaritanar kunne malpraktisere disiplinar […]
Det er ikkje til å legge lok på at eg vert uroa når eg såg frende Are Frode Søholt gjere diktdebut på forlaget Tiden – samstundes vart eg vàr ei snikande og utilfreds kjensle av ikkje sjølv å ha utretta noko av tilnærmingsvis same proporsjon. Forlaget si omtale av diktsamlinga: ho står i rommet mitt […]
Kven: Harald (Slettvoll), Øyvind (Heimset Larsen) og meg sjølv Kva: Bil- og fjelltur i Alpane Kvar: Munchen, Bad Reichenhall, Berchtesgaden, Gosau, Hallstattersee, Bischofshofen, Bad-Gastein, Heiligenblut, Grossglockner, Krimml, Zillertal, Neuschwanstein, Munchen Når: Juni 2009 Utsikt vestover frå Kehlstein Haus nær Berchtesgaden Dagen starta uvanleg tidleg i baksetet på ei drosje i Abu Dhabi, den heldt fram […]
Fare for kamel: Øyvind Larsen langs ein landeveg i utkanten av Rub Al Khali på grensa mellom dei Sameinte Arabiske Emirata og Sultanatet Oman. No er det ikkje det at Hyarar ikkje har vore ute og reist før. Både Kristoffer Bonde (betre kjent som Columbus), Brødrene Aa og Øyvind Larsen har på utmerkt vis gjeve […]
Kven: Meg sjølv Kva: Jordan på tre dagar (i minste laget) Kvar: Petra, Wadi Rum, Karak, Daudehavet, Nebofjellet Når: 12-15. Februar 2009