Fort – må rekke ferje(kaia)

Ei ferjekai er ein fundamentalt meiningslaus stad der all glede svinn frå meg som dogg for sola i det eg ser bommen gå ned og ferja legge frå.

Statistisk sett skulle ein tru at sjansen for akkurat å nå ei ferje er like stor som sjansen for å akkurat IKKJE nå ei ferje men her meiner har eg oppdaga ein diskontinuitet i tid/rom som Einstein ikkje fekk med seg, kanskje på grunn av manglande omgang med bilferjer.

Eg kallar oppdaginga mi ferjekonstanten.

Ferjekonstanten er eit tal som alltid er positivt og som angjev differansen i sekund mellom det tidspunktet når ferja legg frå land og tidspunktet når eg ankjem ei ferjekai.