Gloppen

  • Eit halvope brev til Harald Slettvoll

    Written by

    , ,

    Til skilnad frå dykk sein-patriarkane borte på Gloppestad er som du veit Bukta-mannen ferdig reformert og medviten si rolle i det nye samfunnet. Som ein representant for denne gruppa er eg såleis jamnleg å finne på kolonialvareforretningar i små og mellomstore ærend. I går ettermiddag, medan eg stod på Rema og reflekterte over kva grønsaker…

  • Eit pølseskinn til besvær

    Written by

    No skal ein naturlegvis ikkje tru på media, statistikk og politiske festtalar, men om ein hadde gjort det, kunne ein lett ha fått inntrykk av at det norske helsevesenet er mellom dei fremste helsevesena i verda. Om så hadde vore, er det til å undre seg over at barnevernet aldri avla ein visitt heime hjå…

  • Haust på Granekupa

    Written by

    ,

    Det er ikkje eit skikkeleg år om eg ikkje har vore inn på Fagredalsreset og sett utover Fagredalen, Blådalen og Måsedalen. Då frende Ove var på (relativt) sørlege breddegrader for nokre dagar, nytta vi høvet til å ta ein tur på Granekupa for å fiske – og meditere over nok eit år utan at vi…

  • På sauepatrulje i Fitjefjella (bilete)

    Written by

    ,

    Var med frende Anders på “sauepatrulje” i Fitjefjella i tjukk skodde no på Søndag. Hadde med fiskestang og fotoapparat, resultat: 0 fisk og 50+ bilete. Rusa på fiskelukka i Måsedalen to dagar før let eg likevel ikkje dette gå inn på meg. Sjå album her.

  • På fisketur i Måsedalen

    Written by

    ,

    Eg og frende Ove Drageset avla vår årlege vitjing i Måsedalen denne helga og ein biletserie frå turen er lagt ut i galleriet. Vepna med både fiskekort og lovleg leigd båt fiska vi for fyrste gong med (skikkeleg) reint samvit i Måsedalen. Det kjendest underleg – men gav godt resultat: 70 fiskar på tre og…