Skip to content

Bergheim.dk

(Stein) Runar Bergheim on the Internet

Primary Menu
  • Home
  • På Norsk
  • In English
  • Gallery
  • Home
  • 2007
  • August
  • Iannis Xenakis og eg fann ikkje tonen
  • Ting som irriterar meg

Iannis Xenakis og eg fann ikkje tonen

(Stein) Runar Bergheim 10.08.2007

Iannis XenakisIannis Xenakis, son av Clearchos Xenakis og Photini Pavlou, vart fødd inn i den greske diasporaen på byrjinga av 1920-talet. Han var eldst av tre brør. Syskena, Cosmas og Jason vart høvesvis kunstmålar og filosofiprofessor. Faren var direktør i eit Engelskeigd import/eksport-firma og mora var pianist og snakka flytande engelsk og fransk. Historia fortel at det var mora som stod for det fyrste fatale feilgrepet: ho gav Iannis ei fløyte og oppmoda/muntra han til å studere musikk. Derifrå gjekk det berre nedover.

Xenakis døydde i 2001, men i dei åtti åra før og fram til idag gjer han framleis skade på skuldlause folk si forståing av musikk og korsong verda over. Xenakis og eg fann ikkje tonen. Dette kan naturlegvis vere mi skuld, men Det Norske Solistkor si framføring av ein av hans “Nuits” i Aulaen på Firda Vidaregåande Skule i går kveld kan tyde på at Xenakis hadde store vanskar med å finne tonen også når han sat åleine og komponerte.

Min vyrdnad for Det Norske Solistkor er høg (og stigande) – det er ikkje tvil om at det var eit krevjande verk å framføre og at dette vart gjort med glans – det er derimot tvil om kva tid Xenakis var fødd. 29. Mai 1921 verkar å vere det heitaste tipset på verdsveven og eg vil hermed føreslå dette som offentleg sørgjedag i Noreg.

Kjøp alt du kan få tak i av Xenakis – og brenn det på bålet saman med kunsten til Stig Eikaas.

Continue Reading

Previous: Mintgrønt og rosa!
Next: Håholmen etter solnedgang

Related News

  • Frå aviser & eter
  • Ting som irriterar meg

Når etterspurnaden etter problem overstig tilgongen

(Stein) Runar Bergheim 09.07.2013
  • Ting som gler meg
  • Ting som irriterar meg
  • Ting som undrar meg

Are Frode Søholt: Ho står i rommet mitt og brenn

(Stein) Runar Bergheim 09.01.2010
  • Ting som irriterar meg

IATA-reglane – flyselskapa sin bibel

(Stein) Runar Bergheim 12.12.2008
  • In English (75)
  • På Norsk (22)

Recent posts

  • I unåde hjå Gud i Gloppen 31.05.2025
  • Postcard from Cappadocia 26.01.2022
  • The Great Indoors of Arabia 22.01.2021
  • Life in the Desert 21.01.2021
  • The Value of Being Best 18.01.2021
  • The Incomparable Dubai 16.01.2021
  • Bull Wrestling in Fujairah 15.01.2021
  • Don’t They Know it’s Friday? 14.01.2021
  • My Problem with Camels 13.01.2021
  • How an Oasis Looks for Real 12.01.2021

Abu Dhabi Belgium Brazil business car comment Cusco desert drink England facts fishing Fitje France fun Germany hiking hoax holiday humor Internet Ireland IT journal landscape mountain movies music news Nigeria Nigeria letter Norsk notice opinion Peru photo photos Portugal Runar story sunset travel UAE USA weird

You may have missed

Picture1
  • På Norsk
  • Ting som undrar meg

I unåde hjå Gud i Gloppen

(Stein) Runar Bergheim 31.05.2025
  • Frå reiser & turar
  • Videos

Postcard from Cappadocia

(Stein) Runar Bergheim 26.01.2022
DSC_3401
  • Photos
  • Travel & destinations

The Great Indoors of Arabia

(Stein) Runar Bergheim 22.01.2021
IMG_3061_59_60
  • Photos
  • Travel & destinations

Life in the Desert

(Stein) Runar Bergheim 21.01.2021
Copyright © All rights reserved. | MoreNews by AF themes.