Det suspekte namnet “Americas Best Value Inn” fører tankane raskt hen på eit lugubert overnattingsetablissement med større fokus på fauna og artsmangfald enn på reinhald og trivsel men, som grunna dette, er umåteleg billeg. Trass namnet var Americas Best Value Inn i Los Angeles både reint, triveleg – og relativt dyrt.
Vindmølle og Smorgaasbord ved the Danish Inn i Solvang, California. Etter dei grandiose naturopplevingane i Yosemite skulle vi vidare i til Los Angeles og etterkvart som vi køyrde sør-vestover frå Nevadafjella i retning Fresno kom vi gjennom ei rekkje små landsbyar med ufatteleg stor befolking. Ein stad var der ikkje andre livsteikn å sjå enn […]