Gibraltar and Costa del Sol (Spania) Juni 2008

Kven: Harald, Øyvind og meg sjølv

Kva: Biltur langs Costa del Sol frå Gibraltar til Barcelona

Kvar: Malaga – La Linea de la Concepcion/Gibraltar; Gibraltar – Malaga – Ronda – Antequera; Antequera – Granada; Granada – Catral; Catral – Peñiscola; Peñiscola – Montserrat; Montserrat – Barcelona. Omlag 1400 km

Når : Ni dagar (7-15. Juni 2008)

Å lande i Malaga

Malaga er midt i kjernen av det norske emigrantmiljøet på solkysten og vi hadde såleis ikkje noko anna føre enn å føreta ei flylanding og kome oss derifrå så fort som mogleg. Dette skulle syne seg å vere ei noko meir tidkrevjande affære enn vi hadde sett føre oss, for sjølv om flyturen gjekk rimeleg bra – trass kriminell plassmangel – tok det eitt hav av tid å kome seg ut av flyplassen.

Vi landa på husmannsterminalen samstundes som to-tre andre fly frå Noreg. Minst eitt av desse flya var fullsett med kvinnfolk tidleg i 40-åra med hysterisk lått, klorbleika hår og ein heilt bestemt usunn hudfarge som må tilskrivast anten mikrobølgjeovn eller overdriven solariumbruk. Medan vi venta på koffertane våre, som umogleg kan ha reist med same fly som oss, var vi nøydde til å høyre på desse kvinnene – noko som sette oss i eit dårleg sinnelag.

Etter å ha fått samla vårt jordiske gods og pressa oss gjennom tollen byrja ein ny kø. Det synte seg at alle som leigde bil i Malaga gjorde dette gjennom AVIS. AVIS var ikkje budd på dette enno dette er det einaste AVIS gjer.

Karen som sat i skranken samla inn meir informasjon om meg enn det mor mi kunne ha gjeve han – før han iverksette same prosess for Harald og Øyvind med eit tungt og høyrbart sukk. Ikkje uventa fekk vi utlevert ein Renault Megane i staden for den Peugeot 307-en vi hadde tinga.

La Linea de la Concepción

Før avreise hadde vi diskutert kor mykje tid vi kom til å bruke på å ta oss frå Malaga til La Linea de la Concepción, den spanske grensebyen til Gibraltar. Estimata våre varierte mellom 1 1/2 og 3 timar og det var med stor lukke vi kunne konstantere at dei mest optimistiske for ein gongs skuld hadde hatt rett.

Vegen langs kysten var svært god og ein kunne halde ein jamn fart på omlag 130 km/t mesteparten av tida. Spanjolane er like glade – om ikkje gladare – i bomvegar enn det vi Nordmenn er. For kvar 50 km var det minst ein vegbom – dette var den einaste hindringa vi møtte.

Hotellet vårt i La Linea de la Concepción låg på austsida av byen ved stranda – like innunder Gibraltarklippa som tårna høgt over sjøen på den andre sida av grensa. Hotellet kan best skildrast med følgjande uttrykk frå Gloppen: “so, so”.

Gibraltar

Av ei eller anna årsak har eg alltid hatt lyst til å vitje Gibraltar. Når vi spurde oss føre på Thorntree-forumet til Lonely Planet var det imidlertid ikkje mange lovord denne Britiske utposten hausta. Nokre meinte at dette var ein stad det var verd å bruke mykje pengar for å sleppe å vitje – andre at ein til naud kunne nytte ein time her – men ingen kunne sjå noko som helst slag vit i å køyre ein og ein halv time vestover frå Malaga berre for å ha planta skosålane på denne vesle flekken av Storbritannia.

Skikkelege Glopparar let seg imidlertid ikkje halde nede av råd frå urbanistiske og ubrukelege nettsurfarar av engelskspråkleg herkomst. Neste dag rusla vi difor over grensa og inn i Gibraltar.

Ikkje før hadde tåspissane våre entra britisk jord før ein kar med namn Peter Victory hadde introdusert seg og overtala oss til å la han gje oss ei “all-inclusive” guiding i Gibraltar. Dette synte seg å vere eit heldig val ettersom vi denne dagen var på “power sightseeing” og sette effektivitet over kvalitet når det galdt opplevingar!

Det fyrste som slo meg ved Gibraltar var at langs grensa til Spania låg det ein flyplass med ei rullebane like lang/brei som heile landet. Såleis måtte vitjarar til Gibraltar krysse denne for å ta seg inn i byen. Dette vart ordna gjennom trafikklysregulering av ferdsla. På grønt lys kunne bilistar og fotgjengarar krysse – på raudt kunne flya lande.

Eg fann tre ting til som var verd å merkje seg ved Gibraltar:

  • Sjølve klippa utgjorde eit klimatisk skille mellom Atlanterhavet og Middelhavet – dei to luftsystema gjorde til at det på den eine sida av klippa var klårver medan det på den andre var tjukk skodde.
  • Ein hurv med apar hadde tilhald på klippa og virka til å trivast overmåte godt. Dei hadde lært seg kva framferd som skulle til for å sjarmere turistar – Norske også!
  • Byen var utruleg rufsete og nedsliten.

Ronda

Øyvind hadde gjort ein heil del heimelekse og opplyste tidleg på turen at han kunn hadde få krav til denne reisa men at eitt av dei var at han måtte innom Ronda når vi likevel var i traktene. Dette skulle vere ein overmåte fin stad sa han. Lett motvilljuge la vi difor vegen opp i fjellet nord om Marbella i retning av denne småbyen som guideboka vår sa så lite om.

Både Øyvind og eg hadde utstyrt oss med navigasjonssystem på mobiltelefonane våre i forkant av denne turen. Båe var så oppsette på å få bruke desse at vi likesågodt programmerte inn rutene på båe system samstundes. Det eine systemet rapporterte om kryss og avkøyrsler på 500 meters avstand – det andre på 800 – og båe repeterte åtvaringane eit utal gonger. Dette byrja å gå Harald alvorleg på nervane allereie andre dagen.

Ronda var definitivt besøket verd. Det er ein koseleg liten by som ligg på eitt høgdedrag som er gjennomskore av eitt djupt gjel. Byen ligg på båe sider av gjelet og er bunden saman av ei imponerande bru. Dette er ein stad det fint går an å kome attende til.

Antequera og El Torcal

Neste stopp på ruta var byen Antequera som også var eitt av dei ufråvikelege krava til Øyvind. Staden var om mogleg litt søvnig – men den låg fint til på nordsida av El Torcal-fjella og var såleis eit utmerkt utgongspunkt for å utforske desse.

I Antequera fekk Øyvind seg den største biffen som nokonsinne har vore kommersielt omsett i Spania. Til alt uhell for Øyvind og hell for oss som hadde bestilt andre ting var kjøtstykket dårleg steikt og svært så feittrikt. Uff.

El Torcal var ei ganske så annerleis og langt betre oppleving enn proteininntaket nede i byen. Fjellformasjonane i El Torcal var svært spesielle og dei merkte turløypene forbausande tilfredstillande sjølv for kravstore naturbrukarar som Harald og meg sjølv.

Granada og Alhambra

Vegen gjekk no vidare til Granada – her var det eg som hadde nedsett ufråvikelege krav om at Alhambra skulle vitjast.

Med unnatak av parkeringshusa, som må ha vore designa av nokon som eig eit forsikringsselskap, er Granada ein svært triveleg by. Dette er den einaste regionen i Spania der dei framleis serverar tapas gratis til drikkande gjester – noko vi visste å setje pris på. Det vil seie, i alle fall visste Øyvind og eg å setje pris på det. Harald var oppteken av den treningshemmande effekten alkohol hadde på han og var noko meir forsiktig i inntaket av både øl og tapas. Til tider stakk han seg imidlertid vekk for å ete kake på ymse konditori langs ruta.

Personleg er eg svak for milkshaken til McDonalds. Denne var imidlertid til min store frustrasjon ikkje å oppdrive nokon stad langs Costa del Sol.

Alhambra (som bety “den raude”) er eit svært slotts-, festnings- og parkanlegg søraust i Granada. Alhambra er eitt av dei best bevarte eksempla på Islamsk arkitektur i Spania. Det brukte å vere residensen til dei Muslimske herskarane i Al-Andalus (Andalusia). Seinare vart Alhambra benytta som keisarleg residens av Charles V som mellom anna førte opp eit palass der.

For å kome inn i Alhambra må ein anten stille seg i kø lenge før åpningstid – eller ein må booke billettar på Internett
. Av ulike årsaker gjorde vi båe deler – utan å angre. Ein spasertur kringom Alhambra er ein utmerkt måte å starte dagen på og gjev eit utal gode motiv for den som likar å fotografere.

Catral, Vega Baja del Segura

Vegen vidare baud på færre ufråvikelege krav frå turdeltakarane si side. Vi planla ein litt lengre bilkøyringsetappe som skulle ta oss frå Granada til ein kystby litt nord om Alicante – ein stad med det noko uheldige namnet Peniscola. På vegen måtte vi imidlertid overnatte ein eller annan stad. Valet fall på byen Catral som låg i eitt dalføre omlag 50 km frå kysten nord-vest om Alicante.

I Catral låg det eitt hotell der dei ikkje virka til å vere så alt for vane med gjester. Det hadde store, fine rom, låg fredeleg til litt utanfor sentrum og hadde – på papiret – ei mengde fasilitetar som mellom anna eit dampbad, to symjebasseng, ein bar og to restaurantar.

Når ein er på ferie i Spania må ein symje kvar dag – såleis måtte det fyrste vi freista oss på verte symjebassenget tykte vi. Harald og eg tok difor beinvegen ut til bassenget. Etter å ha skvalpa kringom i bassenget ei stund – noko som ikkje var så alt for tidkrevjande ettersom bassenget var heller lite – byrja vi å ta nærare i augesyn alt det som låg og flaut i vatnet. Ein av framandlekamane kjende vi att som ei daud mus – korpå vi fann det mest formålstenleg å stige i land for å leggje ein vidare strategi.

Vi valde å rusle bort i sentrum for å ta byen i nærare ettersyn framfor å ete på hotellet der vi virka til å vere dei einaste gjestene. Catral kunne by på eit respektabelt antal etestader. Vi landa til slutt på ein restaurant som var driven av ei britisk dame – som også kunne fortelje oss at Catral og omlandet var tett busett av britar.

Ein liten sjekk på Wikipedia fortalde meg også at ordføraren i Catral var under etterforsking frå sentrale myndigheiter for å ha sett gjennom fingrane med ulovleg bygging i omlandet – og jamvel hadde vore med på å stimulere til dette. Mange av dei som var lurte til å byggje på irregulære tomtar var nettopp britar i eksil.

Peniscola

Montserrat

Barcelona