Godt Nytt År 2012/13

Med eitt utplukk av minne frå 2012 og Hartvig Kiran si norske gjendikting av “Auld Lang Syne” vil eg ynskje dykk alle eit retteleg godt nytt år der de måtte nyte lukke og framgong langs alle livsens vegar.

New Year’s Card 2012/13

Skal gamalt venskap kverva bort
Og ikkje setja far
Skal gamalt venskap kverva bort
Og det som ein gong var

Omkvad:
For det som ein gong var, min ven,
For det som ein gong var,
Eg drikk den gode skål med deg,
For det som ein gong var !

Du tek ditt staup og eg tek mitt
Som gamle vener plar.
Me drikk den gode skål i lag
For det som ein gong var

Omkvad

Kom, ta mi hand, min trugne ven
Og gjev meg di til svar
Eg byter vin og glas med deg
For det som ein gong var

Omkvad

Eg har ei kjensle av at 2013 kjem til å verte eitt godt år!