Skip to content

Bergheim.dk

(Stein) Runar Bergheim on the Internet

Primary Menu
  • Home
  • På Norsk
  • In English
  • Gallery
  • Home
  • 2007
  • November
  • Hw 101 og amerikanske tradisjonsopplevingar
  • Frå reiser & turar

Hw 101 og amerikanske tradisjonsopplevingar

(Stein) Runar Bergheim 02.11.2007

Smorgaasbord og Vindmølle

Vindmølle og Smorgaasbord ved the Danish Inn i Solvang, California.

Etter dei grandiose naturopplevingane i Yosemite skulle vi vidare i til Los Angeles og etterkvart som vi køyrde sør-vestover frå Nevadafjella i retning Fresno kom vi gjennom ei rekkje små landsbyar med ufatteleg stor befolking. Ein stad var der ikkje andre livsteikn å sjå enn fire-fem restaurantar og ein bensinstasjon – likevel skrytte vegskiltet av 13 000+ innbyggjarar, som gudane må vite kvar var medan vi køyrde gjennom “grenda” i alle fall.

Då vi til slutt kom ned i låglandet vart dei skogkledde åsane avløyste av svære flate vinmarker. Etter ein lang og opplevingsrik i fjellet dag var vi klare for å oppleve tre essensielle amerikanske tradisjonar:

1. Handle på eit “mall”: På Wal-Mart i Fresno fann eg til mi store undring store mengder med klede i høvelege storleikar (for meg) og gjekk amok med kredittkortet.

2. Ete fast-food til middag: Etter eit måltid innteke på Taco Bell i Selma vart eg fylt av eit djupt sjeleleg myrke – dette er den uslaste “snøggmaten” eg nokon sinne har iført meg – og eg har ete mykje usselt når det gjeld mat. Aldri meir Taco Bell. Aldri.

3. Overnatte på eit landevegsmotell: Eit vegskilt med påskrifta “Selma, the world’s raisin capital” vakte interessa mi. Den raudhetta solmøya, “sunmaid”, som prydar framsida av rosinpakkane heime i Noreg høyrer til i Selma. Dette var grunn god nok til å overnatte her. Vi spurde “dama” i navigasjonssystemet om næraste motell og ho føreslo Selma Motell. Dette motellet må i si tid ha vore designa av ein engelskmann. Alt – tak, vegger og golv, var teppekledd – men stort sett reint. Det som imidlertid ikkje kan reverserast med å setje opp eit “røyking forbode”-skilt på veggen er det faktum at rommet var djevelsk innrøykt!

The Sunmaid, Lorraine Collett Petersen

Byen Selma er hovudkvarteret til Sun-Maid og den opprinnelege solmøya, Lorraine Collett Petersen.

Vel, vel.

Neste dag skulle ankome Los Angeles. Vi hadde bestemt oss for å køyre Hw 101 som følgjer kysten mellom San Francisco og Los Angeles og måtte difor ta oss frå Selma, som ligg i innlandet, og vestover til den gamle “misjonen” San Luis Obispo, som er ein triveleg og blømande småby som er venlegsinna innstilt mot både fotgjengarar og turistar, for å kople oss på kystvegen.

San Luis Obispo County Historical Museum

Eit museum som vi tilliks med svært mange andre museum ikkje vitja – men som vi parkerte utanfor i San Luis Obispo

Etter ein “bok- og kaffistopp”, med innkjøp av Frommers’ guide til California hjå Barnes & Noble, gjekk vegen vidare til ein annan småby ved Californiakysten. Staden, med det skandinaviskklingande namnet Solvang, er noko så underleg som ein dansk by i California. Her kan ein overnatte på Hamlet motell, her har dei vindmøller, her bakar dei danske småkaker på Olsens Bakeri, her serverar dei smørgaasbord på Danish Inn og her sel dei brennevin hjå Copenhagen Liquor. Vulgært – men gjennomført og sjarmerande. Vi let oss i alle fall kjøpe!

Olsens Danish Village Bakery & Coffeeshop

Olsens Danish Village Bakery & Coffeeshop i Solvang, California.

Før Los Angeles tok vi ein tur innom Kentucky Fried Chicken i Santa Barbara. Dette bidrog i retning av å gjenopprette trua vår på amerikanske snøggmatstradisjonar. Om ikkje heilt – så i alle fall litt.

Ettersom vi nærma oss Los Angeles byrja det å bli fleire og fleire køyrefelt, sju i kvar retning på det meste. Dette er 12 køyrefelt meir en vi var vane med, men angsten uteblei og underleg nok kom vi heilskinna fram til dagens endestasjon – eit motell som vi trudde låg sentralt i Los Angeles!

Continue Reading

Previous: Yosemite Valley og Mariposa Grove Sequoias
Next: Los Angeles: ein bilby der du til ei kvar tid er 7 miles unna dit du skal

Related News

  • Frå reiser & turar
  • Videos

Postcard from Cappadocia

(Stein) Runar Bergheim 26.01.2022
christmas-card-2015-no
  • Frå reiser & turar
  • På Norsk
  • Ting som gler meg

Godt nytt år 2015/16

(Stein) Runar Bergheim 01.01.2016
wpid-20141125_144528.jpg
  • Foto & media
  • Frå reiser & turar

Refleksjon II

(Stein) Runar Bergheim 25.11.2014
  • In English (75)
  • På Norsk (22)

Recent posts

  • I Unåde hjå Gud i Gloppen 31.05.2025
  • Postcard from Cappadocia 26.01.2022
  • The Great Indoors of Arabia 22.01.2021
  • Life in the Desert 21.01.2021
  • The Value of Being Best 18.01.2021
  • The Incomparable Dubai 16.01.2021
  • Bull Wrestling in Fujairah 15.01.2021
  • Don’t They Know it’s Friday? 14.01.2021
  • My Problem with Camels 13.01.2021
  • How an Oasis Looks for Real 12.01.2021

Abu Dhabi Belgium Brazil business car comment Cusco desert drink England facts fishing Fitje France fun Germany hiking hoax holiday humor Internet Ireland IT journal landscape mountain movies music news Nigeria Nigeria letter Norsk notice opinion Peru photo photos Portugal Runar story sunset travel UAE USA weird

You may have missed

Picture1
  • På Norsk
  • Ting som undrar meg

I Unåde hjå Gud i Gloppen

(Stein) Runar Bergheim 31.05.2025
  • Frå reiser & turar
  • Videos

Postcard from Cappadocia

(Stein) Runar Bergheim 26.01.2022
DSC_3401
  • Photos
  • Travel & destinations

The Great Indoors of Arabia

(Stein) Runar Bergheim 22.01.2021
IMG_3061_59_60
  • Photos
  • Travel & destinations

Life in the Desert

(Stein) Runar Bergheim 21.01.2021
Copyright © All rights reserved. | MoreNews by AF themes.