Folk går bort heile tida men det å misse ein far er ei bru ein kryssar berre ein gong i eitt menneskeliv. Sjølv om det gjev oss sorg at han er borte, er det samstundes også ei lette at han no har funne varig fred etter eitt halvår då tilværet var tungt for han.
Når det er sagt var ikkje papsen ein som vigde mykje av livet til svartsyn — men ein som fyrst og fremst sette det lette ordet høgt. Eg må såleis få be om orsaking om eg trakkar over når eg freistar meg på eit minneord i hans ånd.
Papsen var godt vaksen før han stifta eigen familie. Det er mykje av det som skjedde i ungdomsåra hans som eg ikkje kjenner til. Det er likevel tre ting frå dei tidlege tidene han jamleg tok fram og som skil seg ut i minneflaumen.
Den fyrste er at kvar gong eg spurde kva han tok seg til med då han var liten sa han støtt — og utan unntak — at han gjekk og plukka stein. Dette tykte han i sin tur var eitt slåande argument for kvifor Kjetilen og eg skulle gjere ymse ting vi vart bodne utan å mukke då vi var små.
Den andre er at ungdomstida hans var fylt av skodespel og revyar. Han hadde eitt endelaust repertoar av sketsjar og songar frå teaterstykke eg ikkje kjende til — men som må ha sett djupe far etter seg med tanke på kor tett dei vart henta fram att.
Den tredje er at han, var ein praktisk anlagt mann — om enn stundom på ein noko improvisert måte. Han gjekk på snikkarskule i Innvik — og i stova hadde han ståande ugjendrivelege prov på at han ikkje var udugeleg i verken treskurd, dreiing eller møbelsnekring. Når det kom til reparasjonar og vedlikehald hadde han derimot ei uvanleg sterk tru på tape. Og sjølv tannverk — eller i alle fall skarpe kantar på ei tann som var brotna — kunne enkelt ordnast sjølv med ein spegel og litt sandpapir — utan å vere til umake for tannhelsetenesta.
Mange tenkjer nok fyrst og fremst på han som lastebilsjåfør — noko han var i heile sitt yrkesaktive liv — ein periode som spende meir enn 50 år. I dei tidlege åra gjorde han det nok av di han var sett på dette sporet av far sin — seinare gjorde han det av vane og plikt. Dei siste turane austover vart nok køyrde på rein ryggmargsrefleks.
Det var lastebilen som var livlina ut i verda herifrå Gloppen då vi var små. Det å vere lastebilsjåfør var eitt verdsett yrke — og eitt som fleire kanskje kunne sjå føre seg. Likevel kan eg ikkje få ifrå meg at det einaste karriererådet han nokon gong gav oss var at vi ikkje — under nokon omstende — måtte finne på å verte lastebilsjåførar.
Eg trur dette var hans måte å uttrykke at yrket hadde ein kostnad for han og; eitt utstadig tilvære der det var vanskeleg å finne ro på ein og same stad meir enn nokre dagar om gongen — noko som var vanskeleg å kombinere med tradisjonelt familieliv. Men han gjorde mykje utav den tida han var heime.
Han hadde tru på og engasjerte seg i det sosiale i grenda. Han var med på både å dra i gong ein ‘sykkelklubb’ der eigarskap til ein sykkel ikkje var nokon føresetnad for medlemskap — og han var med på å gjenopplive eit kor der song var ein bigeskjeft. Desse to laga var drivkrefter som genererte mange gode opplevingar som sette farge på livet i grenda gjennom ei årrekkje.
Han likte å sykle og var mellom anna med på Trondheim-Oslo, “Vatternrundan”, “Vaneren Rundt” og “Sjælland Rundt”. Men han passa på aldri å dra nokon stad utan lass. Då han gifte seg i Oslo hadde han lass. Då han sykla Trondheim-Oslo hadde han lass til Otta, parkerte der, tok tog til Trondheim, sykla til Oslo og tok så tog attende til Otta for å fullføre leveransen.
Attåt lass tok han og med seg folk. Kjetilen og meg, naturlegvis, men også tallause andre som fekk seg turar austover — eller sine fyrste steg utom av kongeriket i følgje med han.
‘Du må tenkje økonomi i kvart eitt trekk’, sa han alltid då vi var små. Dette var den gong meiningslaust snakk for ein snopesjuk unge, men gjev betre meining i dag — i ettertida sitt skarpe og klåre ljos.
Sjølv då han var på Slottet for å motta fortenestemedaljen frå Kong Harald rapportere Kjetilen at papsen var mest uroa over transportkostnadene og undra korleis ein på billegast vis kunne ta seg derifrå med kollektivtrafikk i staden for drosje.
Kaffi — ikkje berre drykken men alt det ordet ber i seg for ein som er vaksen opp i Breim eller Gloppen — var noko som i papsen sitt liv stod i ei særstilling. Kaffi var ein pause frå eitt einsarta kvardagsliv i lastebilkahytten — og kaffien smaka aldri betre enn det den gjorde hjå Farsund Bygg borte i Førde, hjå Brødrene Solheim, på Glavafabrikken på Askim eller nede på sementsteinfabrikken hjå Steinar og Jarle. Om dei var klare over dette eller ikkje var dei ein del av den utvida familien til Papsen.
Han hadde ikkje noko naturleg anlegg for kjøkenteneste. I staden var hans kjøken landevegskroer i Gudbrandsdalen og Hallingdal der han kjøpte dagens middag til 49,90 usett. Når han seinare i livet i tiltakande grad fann seg sjølv heime åleine var det mange uvanlege kombinasjonar å finne på bordet. Dei tryggaste måltida for gjester kom gjerne i form av hermetikk. Men eg kan ikkje klage — etter ein lang dags skitur på Snønipa var det lite som kunne måle seg med Joikakaker på hytta på Utvikfjellet.
Han var glad i hytter. Spesielt i å byggje dei. Like etter at han hadde sett opp ei hytte etter munnleg avtale med grunneigar oppe på Utvikfjellet stod han med huva i handa og ringde på ei dør inne i Paulen ei mørk Augustnatt i von om å gjenta kunststykket der. Elden bakom prosjektet brann sterk men var kortvarig — og då grunneigaren ikkje var heime den kvelden vart prosjektet lagt til sides for godt. Det vart såleis med berre ei hytte av Lecablokker på desse kantar — eller på nokon kantar for den slags skuld.
Om han ikkje fekk sett opp alle hyttene han bar ikring inni seg, var han ein flittig brukar av fjellet og naturen. Når eg som ung vaksen byrja å bli kjend med han som person — ikkje berre som far — var det fyrst og fremst gjennom den delte interessa for naturen. Eg kan sjå attende på tallause vårskiturar på Svarte Kari og fotturar på Arnestadfjellet, Fitjeheia, i Måsedalen og på Storskrefjellet. Kvar eg enn går kan eg sjå ein stein der vi åt nista, ei krokut bjørk der vi tok eitt bilete eller ein høl der vi fekk ein fisk.
Og slik gjekk dagane i livet — mykje arbeid, litt kvile men mange turar og mykje moro.
Etterkvart som han drog på åra byrja ein og annan varsellampe å lyse opp på dashbordet til sjåføren. Båe hoftene vart skifte ut og eitt av auga hans slutta å virke — og han kjempa seg gjennom to runder med kreft. Men han let seg ikkje stanse av slike bagatellar. Lastebil vart bytt ut med varebil og turane til Austlandet heldt fram — dette tok også bort plagene med køyre- og kviletid då siste bilen var ‘under grensa’. For oss som kjende han var ikkje dette til å undre seg over — men det kan nok ha vore ein og annan ny kunde som undra seg litt over at Bergheim Transport sende ein såpass tilårskomen kar for hjelpe til med dei tunge løfta.
Siste utanlandsturen hans i næringstransport gjekk til Gøteborg i 2009.
Dei siste åra sleit han med Alzeheimers-sjukdom. Han flytte inn ved Gloppen Omsorgssenter hausten 2012 der han i byrjinga fann seg godt til rette — men der han etter som tida skreid fram vart meir prega av sjukdomen. Orda som før hadde site laust kravde no djup konsentrasjon for å kome ut slik dei var tenkte — og når det stokka seg var det stundom leitt for han— andre tider var det forargande — og det er lett å skjøne.
På omsorgssenteret var det sjokoladeklubben til Dag Fosstvedt, bingo, fredagsandaktene og andre arrangement som fylte kalendaren og som gav kvardagen meining. Medan han enno var relativt frisk og førleg var “Inn på tunet” eitt velkome avbrot i kvardagen.
Songtekstar og evna til å syngje sat betre att i minnet hans enn kva tale gjorde. Lengje etter at han var i stand til å ta aktivt del i samtalar kunne han kommunisere gjennom å syngje og deklamere utdrag frå dikt og monologar frå skodespel.
Det var kjekt det og.
Den aller siste tida var ikkje god — men han fekk godt stell, tett tilsyn og menneskeleg forståing frå hjelpe- og sjukepleiarar borte på Kleivedammen. Dei var kjende røyster som kalla fram eit smil på eitt utrykkslaust andlete eller som gav ro når han kjende ufred.
Han var fødd ved vinter solkverv og han gjekk bort like over midt-sommar — medan mamsen sat ved sida hans og heldt han i handa. Han hadde eitt rikt liv og det var lite han andøga på at han ikkje hadde fått gjort.
Vi er leie for at han no er borte — men meir enn det er vi glade for at han ein gong var til.
Signe minnet.