
Grannen sende meg ein artikkel her ein dag som omhandla ein kjenning som var blitt avskjediga i unåde av Gud sin administrative representant i Gloppen — kyrkjevergen.
Eg har ikkje nærare kjennskap til Dorothee Raschwitz enn at vi har site på kvar vår side av ein pizza ein gong – men basert på den bordseta samt eit halvt hundreår i omgang med folk i 100 land på fem kontinent vil eg påstå at det ikkje var så mykje meir gale med ho enn det er med dei fleste andre — meg sjølv irekna — og at ho var ein god del betre enn somme. Vi er ALLE ufullkomne.
No er ikkje konfliktar folk imellom noko uvanleg. Nokre menneske er ganske enkelt ikkje kompatible og det treng ikkje alltid seie noko vondt om nokon av partane. Og hadde arbeidsgjevar her hatt vit til å svare «eg har ikkje høve til å kommentere personalsaker» hadde det ikkje vore mogleg for verken meg eller andre lesarar å gisse kva som låg bakom.
Men no hadde ikkje arbeidsgjevar vit til det… og når eg las tilsvaret, vart eg på det næraste rørt; for det var eit slikt meisterstykke av sjølvrettferd, insinuasjon og hersketeknikk som ein berre kunne vone å kome over nokre få gongar i eit menneskeliv.

I ei tid der velutvikla evner til bortforklaring er ein ettertrakta kvalifikasjon slo det meg at ein analyse av svaret frå arbeidsgjevar kunne ha didaktisk verdi — kanskje spesielt for slike som måtte ha ambisjonar om å ta på seg dobbeltroller i politikk og næringsliv og som såleis treng å styrkje seg i dementifaget.
Denne saka har funne stad i eit særs lite kontor i Gloppen som tel høgda 4-5 personar. I eit så lite arbeidsmiljø er personlege sym- og antipatiar viktige faktorar. Men om det er sympatiar eller antipatiar vi fell ned på i møte med kollegaer er tufta på mange faktorar: kor vidt vi har felles interesser; kva personlegdom eller lynne vi har; korleis vi kommuniserer; kor viktig sekundvisaren på klokka er for oss; opplevd ulikskap i status og makt; eigen erfaringsbakgrunn og meir til.
Det kan såleis vere god grunn til å gå inn i slike saker med ein god porsjon audmjukheit. Ikkje så her; her har vi med ein arbeidsgjevar som med lett hjarta og utan skuld kan stille seg fyrst i køen når det skal kastast stein.
La oss ta føre oss teksten:
Kva arbeidsgjevar skriv | Kva arbeidsgjevar eigentleg seier | Merknad |
Mundal viser til teieplikta og viser til forvaltningslova §13. | Arbeidsgjevar understrekar at han veit ting som lesaren ikkje veit men ikkje kan, vil eller treng fortelje om. | Forsåvidt ok. Burde gjeve seg her. |
Vi er kjende med at det finst ulike oppfatningar og versjonar av det som har skjedd, og det er naturleg i slike saker. | Lesaren må ikkje tru at det er noko uvanleg i at ein person som vert sagt opp er misnøgd. Det er berre naturleg at ein slik person vil dikte opp ein «versjon» som passar seg sjølv – men røyndomen, den er det «vi» (eg) som sit på. | Hersketeknikk. Samstundes gjev arbeidsgjevar utilsikta inntrykk av at det er svært vanleg med avskjedingssaker ved det vesle kyrkjelydskontoret. |
Samstundes vil eg understreke at vi som arbeidsgjevar har plikt til å handle i tråd med dei rettslege rammene som gjeld for personalsaker. Det omfattar òg korleis interne prosessar og kommunikasjon skal gjennomførast | «Vi» (eg) er flink når det gjeld alle formalitetar og gjer ikkje feil. | Ansvarsfråskriving |
Dette betyr at vi ikkje kan gå inn i ein diskusjon om detaljar, sjølv om vi meiner at framstillinga ikkje nødvendigvis gir eit dekkjande bilete av saka. Vi opplever at fleire av spørsmåla som vert stilt, legg til grunn ei bestemt forståing av saksforhold. | Dersom «vi» (eg) kunne ha delt sanninga med lesaren, noko «vi» (eg) ikkje kan, hadde lesaren skjøna kva som eigentleg skjedde og vore samde med «oss» (meg). «Vi» (eg) avviser alle skuldingane i artikkelen – dette er berre sutring frå ein tidlegare tilsett. | Insinuasjon |
For å sikre ei balansert framstilling, er det viktig at også spørsmål som gjeld arbeidsgjevars handtering, vert stilt på ein måte som opnar for at det kan finnast ulike forklaringar og vurderingar. | Dersom journalisten endra spørsmåla litt ville lesaren sjå kvifor «arbeidsgjevar» (eg) har rett. «Vi» (eg) såg helst at de ikkje stilte spørsmål i det heile teke. | Tåkeleggjing |
Eg vil elles understreke at vi tek teieplikta på alvor i alle interne vurderingar, inkludert kommunikasjon som vert delt med tilsette eller samarbeidspartnarar. | Trass det lesaren kan sjå svart på kvitt i artikkelen vil «vi» (eg) på det sterkaste understreke «vi» (eg) tek teieplikta svært alvorleg. | Alternative fakta |
Vurderinga av kva som kan delast, vert alltid gjort med omsyn til lovverket og føremålet med informasjonen. | «Vi» (eg) har fylgt lova der den passa med det «vi» (eg) tykte var rett og elles har «vi» (eg) vurdert «våre» (mine) syn til å ta presedens over lova.. | Tåkeleggjing |
Vi har tillit til at både den tilsette, representantar for arbeidsgjevar og fagforeiningar har fått høve til å fremje sine synspunkt gjennom dei formelle kanalane som lov- og avtaleverket opnar for. | «Representantar for arbeidsgjevar» (eg) høyrde kva den tilsette og den tillitsvalde ho dragsa med seg sa men «representantane» (eg) hadde allereie bestemt «seg» (meg). | Ekstrem ansvarsfråskriving. |
Arbeidsgjevar har i det minste skam nok i livet til å ynskje å distansere sin eigen person frå saka. Dette gjer han ved å referere til seg sjølv i fyrste person fleirtal, «vi», for deretter å gli over i tredjeperson, «representantar for arbeidsgjevar», når ting byrjar å bli vanskeleg.
Skuldingane som var framsette var om ikkje anna underhaldande. Eg ville bli svært forbausa om det ikkje har vore kyrkjelydsmøte då det har vore synda grovare mot dei ti boda enn at ein av deltakarane spela Candy Crush. Eg vil også tru at det er spørsmål i drifta av ein kyrkjelyd som ikkje krev musikkfagleg kompetanse. Men det festelegaste var likevel skuldinga om underslag. Dersom nokon aspirerer til ein kriminell karriere der dei tenkjer seg at underslag skal utgjere ein vesentleg del av omsetninga trur eg dei bør satse på ein annan næringsveg enn den Norske Kyrkja.
Eg har vakse opp med musikarar på alle kantar. Somme av dei har vore organistar i Gloppen, og om Dorothee Raschwitz ikkje måtte vere i heilt lodd har i alle fall ingen av dei vore i vater. Eg ynskjer ho lukke til i sin nye jobb og vonar at ho vil sjå attende på Gloppen som ein fin stad — sjølv om utgongssalmen var av det mindre hyggjelege slaget.